Pressseinformasjon

Statssekretær Hagen vitjar Sør-Afrika

Statssekretær Marianne Hagen vitjar Sør-Afrika 22.-23. mars for å ha politiske samtalar med styresmaktene i landet og møte representantar for norsk næringsliv.

Eit viktig tema for reisa er å vidareutvikle det gode bilaterale forholdet mellom Noreg og Sør-Afrika. Samarbeidet handlar i hovudsak om globale spørsmål som fred og konfliktløysing, klima, miljø og energi, næringslivssamarbeid og forsking.

Sør-Afrika spelar ei viktig rolle internasjonalt, mellom anna som medlem av G20 og Brics (Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika). Noreg og Sør-Afrika har vidare eit godt samarbeid om freds- og forsoningsarbeid og opplæring av kvinnelege fredsmeklarar.

Handel vil også vere eit sentralt tema for gjestinga. Samhandelen mellom Noreg og Sør-Afrika var i fjor på om lag tre milliardar kroner. Statens pensjonsfond utland (SPU) hadde ved årsskiftet investeringar for rundt 55 milliardar kroner i Sør-Afrika.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Til toppen