Presseinformasjon

EØS/EU-minister Aspaker til Sofia 16. og 17. februar

Neste veke reiser EØS/EU-minister Elisabeth Aspaker til Bulgaria. På programmet står politiske samtalar med den bulgarske regjeringa, besøk til eit prosjekt finansiert av EØS-midlane og møte med norsk-bulgarsk næringsliv.

Tysdag 16. februar
Kl. 14.00: Aspaker møter visestatsminister og EU-minister Tomislav Donchev. Stad: Regjeringsbygget, Sofia.

Kl. 15.00: Aspaker møter utanriksminister Daniel Mitov. Stad: Utanriksdepartementet, Sofia.

Kl. 16.30: Aspaker møter visestatsminister og sosial- og arbeidsminister Ivaylo Kalfin. Stad: Regjeringsbygget, Sofia.

Kl. 19.30: Aspaker deltar i middag med politiske kontaktar og norsk-bulgarsk næringsliv. Stad: Residensen til den norske ambassadøren.

Onsdag 17. februar
Kl. 10.15: Aspaker står for den offisielle opninga av ei ny skulekantine og rehabiliterte klasserom ved ein førskule for rom-barn i Sofia. Prosjektet er finansiert gjennom EØS-midlane. Stad: Fakulteta, Krasna Poliana.

Kl. 11-12.30: Aspaker har arbeidslunsj med viseminister Nikolay Denkov i utdannings- og forskningsdepartementet.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Rune Bjåstad, 957 85 536.