Presseinformasjon

Utanriksministeren vitjar Stockholm 17. – 18. april

I Stockholm skal utanriksminister Ine Eriksen Søreide delta på eit nordisk utanriksministermøte og ein konferanse om kvinners deltaking i politikk og fredsprosessar. Ho skal og innleie på Svenska Utrikespolitiska institutet (UI) om havets betyding i utanrikspolitikken.

Under besøket vil utanriksministeren møte sine nordiske kollegaer til eit nordisk utanriksministermøte. Ei rekkje utfordringar aktualiserer verdien av eit strategisk nordisk samarbeid i utanrikspolitikken, mellom anna tryggingspolitikk, situasjonen i Midtausten, brexit, handelspolitikk og negativ demokrati- og rettsstatsutvikling i Polen og Ungarn.

- I ei verd prega av omfattande endringar i økonomi, teknologi og klima, er nordisk samarbeid svært viktig. Vårt samarbeid er også ein naturlig respons på den auka uroa og vanskane med å føresjå verda rundt oss. I mange internasjonale samanhengar er vi kvarandre sine næraste partnarar, seier utanriksminister Eriksen Søreide.

Utanriksministeren deltek og på konferansen «Shaping new realities – the Stockholm forum on gender equality», der mellom anna den svenske utanriksministeren Margot Wallström er vert. Konferansen samlar sivilt samfunn, styresmakter, privat sektor og akademia, og målet er å mobilisere for auka innsats for global likestilling. Det er forventa meir enn 500 deltakarar frå over 100 land. Her vil utanriksminister Eriksen Søreide delta i eit panel som set fokus på korleis jenter og kvinner i større grad kan medverke i arbeidet med fredsprosessar og politiske prosessar.

Under gjestinga til Stockholm skal utanriksministeren også innleie på eit seminar på Svenska Utrikespolitiska institutet (UI) om havets betyding i utanrikspolitikken.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Siri R. Svendsen, mobil +47 976 87 801.