Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utanriksministeren deltek på Syria-konferanse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek på FN-konferansen for Syria i Brussel den 25. april.

Det er FN i samarbeid med EU som arrangerer konferansen «Støtte til Syria og omegnen – Brussel II». Dette er ei oppfølging av London-konferansen i 2016 og Brussel-konferansen i fjor. Generalsekretæren i FN, Antonio Guterres, og utanrikssjef i EU, Federica Mogherini, er vertskap.

I tillegg til ministrar frå ei rekke land, deltek FN-organisasjonar og frivillige organisasjonar. Konferansen går over to dagar. Eriksen Søreide deltek på ministerdelen onsdag 25. april. Ho leiar den humanitære sesjonen på konferansen.

Noreg er blant dei landa som bidreg mest til det humanitære arbeidet i Syria og har delteke aktivt i førebuingane, blant anna ved å arrangere eit humanitært møte på embetsnivå i forkant av konferansen.

Noreg lovde ti milliardar kroner til Syria-krisa over fire år i perioden 2016-2019. Vi vil levere på løftet vårt, og ved utgongen av 2018, vil minst 7,5 milliardar kroner vere betalt ut.

Det vert møte med pressa onsdag 25. april kl. 13.40 (det kan komme endringar i programmet).

Stad: Europa-bygninga, 3. etasje

Pressekontakt: Ane Haavadsdatter Lunde (med på reisa),  ane.lunde@mfa.no, 976 71 250