Presseinformasjon

Statssekretær Hagen til Thailand og Malaysia

21. februar talar statssekretær Marianne Hagen på ein konferanse i Bangkok om berekraftsmålet for fornybar energi. 22.-23. februar har ho møte i Kuala Lumpur.

Konferansen i Bangkok vert arrangert av FN sin organisasjon for økonomisk og sosial utvikling (Undesa) og FN sin regionale og økonomiske kommisjon for Asia og Oseania (Unescap).

– Meir enn ein milliard menneske har ikkje tilgang til elektrisitet og meir enn tre milliardar mangler gode kokemoglegheiter. For å nå FN sitt mål om berekraftig energi må vi auke innsatsen kraftig, satse meir på utbygging av fornybar energi og leggje til rette for eit tett samarbeid med privat sektor. Støtte til rein energi er ein hovudprioritet i norsk bistand. Ein stor del av Norfund sin kapital går til å støtte kommersielle energiprosjekt i utviklingsland, seier statssekretær Hagen.

I Malaysia vil statssekretær Marianne Hagen ha politiske samtalar og markere at det er 50 år sidan dei diplomatiske relasjonane mellom Noreg og Malaysia vart oppretta. Ho vil også møte representantar for norsk næringsliv som er etablerte i Malaysia.

– Malaysia er ein interessant marknad for norske føretak, særleg innanfor olje- og gassektoren. Det er også aukande interesse innan sektorar som fornybar energi, e-handel, digitalisering og modernisering, seier Hagen.

Efta og Malaysia forhandlar om ein frihandelsavtale. Både Thailand og Malaysia er viktige partnarar for Noreg i Asean (Association of South East Asian Nations).

Pressekontakt: Pressevakta i UD 23 95 00 02