Historisk arkiv

Presseinformasjon

Statssekretær Tronstad til Tyskland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Statssekretær Elsbeth Tronstad er i Tyskland 18.-20. mai. Der skal ho mellom anna ha politiske samtalar og delta på ein konferanse i regi av Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa (OSSE).

Besøket startar onsdag i Berlin der Tronstad deltar i ein paneldiskusjon under OSSE-konferansen om energitryggleik. Om kvelden er ho saman med andre regjeringsrepresentantar invitert i ein middag med utanriksminister Steinmeier.

Torsdag 19. mai deltar statssekretær Tronstad i eit frokostmøte om EØS-midlane i regi av den tyske Europa-rørsla og ambassaden. Ho vil også ha møter med det tyske utanriksdepartementet om næringsfremje og teknologipolitikk. Seinare møter Tronstad mellom andre leiar for Agora, ein leiande tysk tenketank for grønn omstilling. Før avreise til Hamburg skal ho også møte statssekretær Schmidt, som er leiar for Hamburg sin delegasjon i Berlin.

Om kvelden deltar statssekretær Tronstad i ein middag med norsk næringsliv og dei norske konsulane i Nord-Tyskland.

Fredag 20. mai skal Tronstad halde innlegg på eit møte med Team Norway, der også Innovasjon Norge og norske næringslivsrepresentantar deltar. Her vil ho mellom anna diskutere korleis ein best kan fremje norsk næringsliv i utlandet.

Statssekretær Tronstad skal også møte utdanningsstyresmaktene i Hamburg, for å sjå nærare på organiseringa av fag- og yrkesutdanninga i Tyskland.

Ettermiddagen byrjar med ein arbeidslunsj med tysk og norsk næringsliv, som tek for seg potensialet for klyngesamarbeid mellom tyske og norske næringsmiljø innanfor både maritim sektor, finans og handel. Besøket blir avslutta med ei omvising i hamna i Hamburg, som ligg langt framme når det gjeld digitalisering og smarte løysingar for ei meir effektiv og miljøvenleg drift.

Pressekontakt: UDs pressevakt 23 95 00 02.