Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 42

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 42, 2015.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.  

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 12. oktober
Kl. 08.00: Utanriksministeren lanserer handlingsplan for næringsliv og menneskerettar. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: NHO, Oslo

Pressekontakt: Veslemøy Lothe Salvesen, 995 68 584.

Kl. 11.00: Utanriksministeren møter Said Djinnit, FN sin spesialutsending for Great Lakes (Afrika). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta, 23 95 00 02.

Kl. 12.00: Utanriksministeren presenter den nye direktøren i Norad, Jon Lomøy. Stad: Norad, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta, 23 95 00 02.

Kl. 13.00: Utanriksministeren opnar Plan Norge sin jentekonferanse om vald mot jenter. Stad: Det Norske Teateret, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta, 23 95 00 02.

Kl. 15.00: Utanriksministeren møter Clean Energy Group. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta, 23 95 00 02.

Kl. 18.00: Utanriksministeren held foredrag i Oslo Militære Samfund, om utfordringar i norsk utanrikspolitikk. Stad: Oslo Militære Samfund, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta, 23 95 00 02.

Tysdag 13. oktober
Kl. 10.00: Utanriksminister Børge Brende er til stades i Stortinget under statsminister Solberg si orientering om migrasjon.

Pressekontakt: Pressevakta, 23 95 00 02.

Onsdag 14. – torsdag 15. oktober
Utanriksminister Brende deltek på utanriksministermøte i Barentsrådet. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Oulu, Finland

Pressekontakt: Kristin Enstad, 482 68 835.

Statsråd Vidar Helgesen

Tysdag 13. oktober
Kl. 08.30: Statsråd Vidar Helgesen held innlegg på eit frukostseminar i regi av Fafo om utfordringar og alternativ for europeisk asylpolitikk. Stad: Borggata 2B, Oslo.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Kl. 10.00: Statsråd Vidar Helgesen er til stades i Stortinget under statsminister Solberg si orientering om migrasjon.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Søndag 18. oktober
Kl. 11.00: Statsråd Helgesen held innlegg på FpU sin «Fremtidskonferanse». Stad: Karl Johans gate 25, Oslo.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Kl. 17.00 Statssekretær Hattrem innleier på eit debattmøte om dei nye bærekraftsmåla, matproduksjon og klimaendringar, i regi av Utviklingsfondet. Stad: Litteraturhuset, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta, 23 95 00 02.

Statsssekretær Tore Hattrem

Måndag 12. oktober
Kl. 10.30: Statssekretær Hattrem har bilaterale konsultasjonar med viseutanriksminister i Russland, Vladimir Titov. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta, 23 95 00 02

Tysdag 13. oktober
Kl. 10.00: Statssekretær Hattrem møter stiftinga Business for Peace. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta, 23 95 00 02.

Tysdag 13. – torsdag 15. oktober
Statssekretær Hattrem vitjar Iran. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Teheran, Iran

Pressekontakt: Pressevakta, 23 95 00 02.

Laurdag 17. – måndag 19. oktober
Statssekretær Hattrem deltek på Arctic Circle-konferansen. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Reykjavik, Island.

Pressekontakt: Pressevakta, 23 95 00 02.

Statssekretær Morten Høglund

Måndag 12. – tysdag 13. oktober
Statssekretær Høglund reiser til Genève for ein avsluttande konferanse i Nansen-initiativet for miljøfordrevne. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Genève, Sveits

Pressekontakt: Pressevakta, 23 95 00 02.

Onsdag 14. oktober
Kl. 12.00: Statssekretær Høglund deltek på eit seminar om utdanningsteknologi under «Oslo Innovation week». Stad: Deichmanske bibliotek, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta, 23 95 00 02.

Torsdag 15. oktober
Kl. 10.15 Statssekretær Høglund møter Ato Newai (økonomisk rådgjevar til den etiopiske statsministeren). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta, 23 95 00 02.

Statssekretær Tone Skogen

Måndag 12. – onsdag 14. oktober
Statssekretær Skogen er på reise til New York. Ho deltek mellom anna på ei markering i FN av 15-årsjubileet til resolusjon 1325 i Tryggingsrådet om kvinner, fred og tryggleik. Stad: New York, USA

Pressekontakt: Pressevakta, 23 95 00 02.

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Måndag 12. oktober
Kl. 09.00: Statssekretær Tronstad møter sjef for europasaker i Nederlands UD Matthijs Van der Plar for å drøfte aktuelle europapoliske spørsmål. Stad: Hotel Continental, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta, 23 95 00 02.

Kl. 11.00: Statssekretær Tronstad møter Europarørsla. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta, 23 95 00 02.

Torsdag 15. oktober
Kl. 15.00: Statssekretær Tronstad møter YS - Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta, 23 95 00 02.