Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 44

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 44, 2015.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.  

Utanriksminister Børge Brende

Tysdag 27. oktober
Utanriksministeren vitjar London. Han skal mellom anna møte utanriksminister Hammond og utviklingsminister Greening. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: London.

Pressekontakt: Kristin Enstad, 482 68 835.

Onsdag 28. oktober
Utanriksminister Brende deltek på møte i samband med Nordisk Råd sin sesjon i Reykjavik. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Reykjavik, Island

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 30. oktober
Kl. 09.45: Utanriksministeren møter Bill Swing, leiar for International Organisation for Migration (IOM). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Søndag 1. november
Utanriksministeren vitjar India. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: New Delhi og Mumbai, India

Pressekontakt: Veslemøy Lothe Salvesen, 995 68 584.

Statsråd Vidar Helgesen

Måndag 26. oktober
Kl. 11.00: Statsråd Helgesen møter stormuftien av Bosnia-Hercegovina, Husein Kavazovic. Stad: Statsministerens kontor

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 27. oktober
Kl. 08.00: Statsråd Helgesen deltek på Civita-frokost om «Trans-Atlantic Trade and Investment Partnership" (TTIP).  Stad: Cafe Christiania, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 28. oktober
Statsråd Helgesen vitjar London. Han skal mellom anna møte direktøren i Chatham House, Robin Niblett.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 29. oktober
Kl. 13.15: Statsråd Helgesen innleier på konferansen Sikkertnok - ein nasjonal konferanse om digital tryggleik. Stad: Høgskulen i Gjøvik.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Tore Hattrem

Måndag 26. oktober
Kl. 13.00: Statssekretær Hattrem møter Paavo Lipponen, tidlegare statsminister i Finland. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 16.30: Statssekretær Hattrem opnar eit seminar om Russland og dei nordiske landa. Stad: Lysebu, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 30. oktober
Kl. 09.00: Statssekretær Hattrem deltek på konferansen Resilience, i regi av Norges Røde Kors. Stad: Radisson Plaza, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Tone Skogen

Måndag 26. oktober
Kl. 13.30: Statssekretær Skogen opnar ein dialogkonferanse om digitale læringsapplikasjonar (eduapp4syria) for syriske flyktningbarn. Stad: Norad, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 27. oktober
Kl. 14.00: Statssekretær Skogen møter den norske ILO-komiteen. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 28. oktober
Kl. 09.00: Statssekretær Skogen møter Rachel Kyte, visepresident og spesialutsending for klimaendring i Verdsbanken. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 29. oktober
Kl. 12.15: Statssekretær Skogen møter Sir Andrew Witty, administrerande direktør i GlaxoSmithKline (GSK). Stad: Ingeniørenes Hus, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 13.00: Statssekretær Skogen held eit innlegg på ein konferanse om førebygging av pandemiar, i regi av Folkehelseinstituttet). Stad: Ingeniørenes Hus, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 30 . oktober
Kl. 13.00: Statssekretær Skogen møter Åslaug Haga, leiar av Crop Trust. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Morten Høglund

Måndag 26. – torsdag 29. oktober
Statssekretær Høglund vitjar Sør-Korea. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Seoul, Sør-Korea

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 30. oktober
Kl. 11.30: Statssekretær Høglund møter viseutanriksminister i Peru, Julio Eduardo Martinetti. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Torsdag 29. – fredag 30. oktober
Statssekretær Tronstad vitjar Malta. Ho møter mellom anna europaminister Grech, utanriksminister Vella og UNHCR sin representant, Jon Høyseter. Stad: Valletta, Malta

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02