Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 48

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 48, 2015.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.  

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 23. november
Kl. 14.00: Utanriksminister Børge Brende møter Fatih Birol, eksekutivdirektør i Det internasjonale energibyrået (IEA). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 24. november
Kl. 09.00: Utanriksminister Brende møter utanrikskomiteen i den svenske Riksdagen. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 27. november
Kl. 09.30: Utanriksminister Brende held opningsinnlegg ved lanseringa av Nordisk kvinnemeklernettverk. Stad: Nobels fredssenter, Oslo

Pressekontakt: Hilde Steinfeld, 404 08 314

Kl. 11.30: Utanriksminister Brende møter utanriksministeren i Sverige, Margot Wallstrøm. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 18.00: Utanriksminister Brende møter til høyring i Kontroll- og konstitusjonskomiteen om avhending av brukt/utrangert forsvarsmateriell. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Laurdag 28. november
Kl. 14.00: Utanriksminister Brende held tale i samband med Folkets klimamarsj. Stad: Eidsvolls Plass, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statsråd Vidar Helgesen

Søndag 22. november
Statsråd Vidar Helgesen er vertskap for ein middag i samband med ministermøtet i Efta. Tema er mellom anna TTIP og Efta-dialogen med USA. Stad: Genève, Sveits.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Mandag 23. – tysdag 24. november
Statsråd Vidar Helgesen er i Boston etter invitasjon frå Harvard Kennedy School of Government. Helgesen skal halde to foredrag om migrasjon og Europa. EØS/EU-ministeren skal også ha møte med Egil Ove Sundheim, Sjømatrådet sin fiskeriutsending i USA, og fleire akademikarar. Eigen presseinformasjon følgjer.

Pressekontakt: Rune Bjåstad, 957 85 536.

Onsdag 25. november
Statsråd Helgesen er i New York. Her skal han mellom anna møte kommisjonær for immigrasjonssaker, Nisha Agarwal, og ha samtalar med amerikanske akademikarar. Sjå eigen presseinformasjon.

Pressekontakt: Rune Bjåstad, 957 85 536.

Torsdag 26. november
EØS/EU-minister Vidar Helgesen er i Haag for politiske samtalar med det komande formannskapet i EU. Helgesen skal mellom anna møte utanriksminister Bert Koenders og finansminister Jeroen Dijsselbloem. EØS/EU-ministeren skal også besøke Europol og Eurojust. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Haag, Nederland.

Pressekontakt: Rune Bjåstad, 957 85 536.

Fredag 27. november
Kl. 10.00: Statsråd Vidar Helgesen møter Davit Bakrabze, den georgiske ministeren for europeisk og euroatlantisk integrasjon. Stad: Utanriksdepartementet.

Pressekontakt: Rune Bjåstad, 957 85 536.

Statssekretær Tore Hattrem

Tysdag 24. november
Kl. 10.00: Statssekretær Hattrem møter viseutanriksminister Luwellyn Landers frå Sør-Afrika. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 27. november
Kl. 13.00: Statssekretær Hattrem er vert for ein arbeidslunsj med Davit Bakradze, Georgia sin minister for europeisk og euroatlantisk integrasjon. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 14.45: Statssekretær Hattrem møter Peter Stenlund, statssekretær i Utanriksdepartementet i Finland. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Tone Skogen

Måndag 23. november
Kl. 12.00: Statssekretær Skogen held opningsinnlegget på eit informasjonsmøte om Habitat III-konferansen. Stad: Norad, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 19.00: Statssekretær Skogen er vert for ein middag for Luwellyn Landers, viseutanriksministeren i Sør-Afrika. Stad: Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 24. november
Kl. 10.45: Statssekretær Skogen møter Sør-Afrika sin viseutanriksminister Luwellyn Landers for bilaterale konsultasjonar med landet. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Tysdag 24. november
Kl. 18.00: Statssekretær Tronstad held innlegg på Humanitært forum "Bør man stenge Europa?" i regi av Raudekrossen. Stad: Litteraturhuset, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 25. november
Kl. 12.00: Statssekretær Tronstad held innlegg på Norwea (The Norwegian Wind Energy Association) sin haustkonferanse "Fra Sverige og EU til norsk vindkraftpolitikk". Stad: Bygdøy allé 2, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 26. - fredag 27. november
Statssekretær Tronstad reiser til Slovakia for å delta på ein konferanse om grensekryssande samarbeid, bilaterale møte og besøk til prosjekt finansiert gjennom EØS-midla. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Kosice, Slovakia.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.