Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 3

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 3, 2016.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 18. januar
Kl. 10.30: Utanriksminister Brende lanserer strategi for ytringsfridom og uavhengige media i utanriks- og utviklingspolitikken. Stad: Fritt Ord, Oslo

Pressekontakt: Astrid Sehl, 922 84 752.

Tysdag 19. januar
Kl. 09.00: Utanriksminister Brende møter Stortinget sin delegasjon til parlamentarikarforsamlinga i Europarådet (Pace). Stad: Stortinget

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 10.00: Utanriksminister Brende møter til debatt i Stortinget om fire stortingsmeldingar (globalisering og handel, nordisk samarbeid, Antarktis og den 69. generalforsamlinga i FN).

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 20. - laurdag 23. januar
Utanriksminister Brende deltek på World Economic Forum. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Davos, Sveits

Pressekontakt: Rune Bjåstad, 957 85 536.

Statsråd Elisabeth Aspaker

Måndag 18. januar
Kl. 11.00-11.15: Statsråd Aspaker møter representantar frå Oslosenteret for fred og menneskerettar og ein delegasjon med parlamentarikarar frå Ukraina, for å snakke om politisk koalisjonsarbeid. Stad: UD.

Pressekontakt: Rune Bjåstad, telefon 957 85 536

Tysdag 19. januar
Kl. 10.00-13.00: Statsråd Aspaker møter i Stortinget til debatt om stortingsmeldinga om nordisk samarbeid.

Pressekontakt: Rune Bjåstad, telefon 957 85 536.

Onsdag 20. januar
Kl. 08.00: Statsråd Aspaker held innlegg og deltek i ein debatt på seminaret "EU i krise: Konsekvensar for næringslivet" i regi av Norges Rederiforbund. Temaet er korleis det politiske samarbeidsklimaet i Europa blir påverka av migrasjonskrisa, terrorangrepet i Paris og etterdønningane av eurokrisa. Står dei opne grensene i Europa og Schengen-samarbeidet for fall?  Stad: Rederiforbundet, Rådhusgt. 25, 7.etasje.

Pressekontakt: Frode Overland Andersen, 917 22 022.

Fredag 22. januar
Kl. 12.00: Statsråd Aspaker opnar Høgskulen i Søraust-Noreg, på Kongsberg, som settestatsråd for kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Pressekontakt: Pressetelefonen i Kunnskapsdepartementet, 22 24 77 07

Statssekretær Tore Hattrem

Måndag 18. januar
Kl. 11.00: Statssekretær Hattrem møter ein parlamentarikardelegasjon frå Ukraina. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 19. januar
Kl. 10.30: Statssekretær Hattrem møter Jean-Paul Laborde, leiar av FN sitt direktorat for anti-terror (CTED). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 19. - onsdag 20. januar
Statssekretær Hattrem reiser til Brussel. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Brussel, Belgia

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 22. januar
Kl. 09.30: Statssekretær Hattrem møter ein rumensk parlamentarikardelegasjon. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Tone Skogen

Tysdag 19. januar
Kl. 08.30: Statssekretær Skogen deltek på ein rundebordskonferanse om bærekraftig vekst på landsbygda og utvikling i Afrika. Stad: Yara, Drammensveien 131, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 12.00: Statssekretær Skogen møter Thore Vestby og Ingrid Stange om Mayors for Peace. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 21. januar
Kl. 12.00: Statssekretær Skogen deltek på Initiativ for etisk handel (IEH) sitt 15-årsjubileum. Stad: "Ingensteds", Brenneriveien 9, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Måndag 18. og tysdag 19. januar
Statssekretær Tronstad vitjar Strasbourg og har møte både i Europarådet og Europaparlamentet. Ho møter mellom anna generalsekretær i Europarådet Torbjørn Jagland, dommer i Den europeiske menneskerettsdomstolen Erik Møse og fleire medlemmar av Europaparlamentet. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Strasbourg, Frankrike

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.