Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 4

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 4, 2016.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 25. januar
Utanriksminister Brende deltek på konferansen Arctic Frontiers. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Tromsø

Pressekontakt: Kristin Enstad, 482 68 835

Torsdag 28. januar
Kl. 07.45: Utanriksminister Brende møter Yves Daccord, Den internasjonale Raude Kross-komiteen (ICRC) sin generaldirektør. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Oslo

Pressekontakt: Guri Solberg, 922 19 769

Fredag 29. januar
Utanriksminister Brende er i Genève for møte med representanter for internasjonale organisasjonar. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Genève, Sveits

Pressekontakt: Guri Solberg, 922 19 769

Statsråd Elisabeth Aspaker

Måndag 25. januar
Statsråd Aspaker er som settestatsråd for Torbjørn Røe Isaksen i Sjøvegan for å dele ut Benjaminprisen 2015. Kvart år blir Benjaminprisen delt ut til ein skole som tar engasjementet og arbeidet mot rasisme og diskriminering vidare. Vinner av prisen i 2015 er Sjøvegan vidaregåande skole. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Sjøvegan.

Pressekontakt: Kunnskapsdepartementet v/Dino Prohic, 922 25 224.

Tysdag 26. - onsdag 27. januar
Statsråd Aspaker er i Brussel for å møte norske aktørar og EØS/Efta-organa. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Brussel.

Pressekontakt: Hilde Steinfeld, 404 08 314

Fredag 29. januar
Kl. 12.30: Statsråd Aspaker møter direktør for Nupi (Norsk utanrikspolitisk institutt), Ulf Sverdrup. Stad: UD.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Laurdag 30. - søndag 31. januar
Statsråd Aspaker deltek på fylkesårsmøtet for Finnmark Høgre. Stad: Alta.

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Benedicte Staalesen Nilsen, 468 11 754

Statssekretær Tore Hattrem

Måndag 25. januar
Kl. 08.30: Statssekretær Hattrem deltek på den europeiske lanseringa av rapporten frå sannings- og forsoningskommisjonen på Aust-Timor. Kronprins Haakon og dei to fredsprisvinnarane José Ramos-Horta og Carlos Filipe Ximenes Belo vil mellom anna vere til stades under lanseringa. Sjå også meir detaljert program og invitasjon. Stad: Nobels fredssenter,  Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 26. januar
Statssekretær Hattrem deltek på konferansen Arctic Frontiers. Stad: Tromsø.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Tone Skogen

Måndag 25. – fredag 29. januar
Statssekretær Skogen deltek på toppmøtet i Den afrikanske union i Addis Abeba. Skogen vil også ha bilaterale samtalar og besøke flyktningeleirane i Nord-Etiopia. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Etiopia

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Måndag 25. januar
Kl. 16.00: Statssekretær Tronstad held innlegg på NHOs Tyskland-seminar «Lurt å lære tysk og ta utdanning i Tyskland». Stad: Næringslivets hus, Middelthunsgate 27

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 27. januar
Kl. 09.45: Statssekretær Tronstad deltek på regionalt Europapolitisk forum, som er eit dialogforum mellom statlege og kommunale styresmakter for europapolitiske saker. Forumet vert leia på statssekretærnivå. Stad: Oslo Rådhus

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 28. januar
Kl. 10.00: Statssekretær Tronstad held innlegg på Østlandssamarbeidets miniseminar om europapolitisk arbeid. Stad: Galleriet, Schweigaardsgate 4

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02