Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 5

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 5, 2016.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 1. februar
Kl. 09.05: Utanriksminister Brende opnar Leangkollenkonferansen 2016, i regi av Den norske Atlanterhavskomité. Stad: Nobelinstituttet, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.  

Kl. 11.30: Utanriksminister Brende møter Francois Heisbourg, styreformann i International Institute for Strategic Studies (IISS). Stad: Theatercaféen, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02. 

Tysdag 2. februar
Utanriksminister Brende deltek på møte i kjernegruppa i den internasjonale koalisjonen mot Isil. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Roma 

Pressekontakt: Kristin Enstad, 482 68 835.  

Onsdag 3. – torsdag 4. februar
Utanriksminister Brende deltek på gjevarlandskonferansen for Syria. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: London 

Pressekontakt: Astrid Sehl, 922 84 752.  

Statsråd Elisabeth Aspaker

Tysdag 2. og onsdag 3. februar
Statsråd Aspaker er i Finland for å delta i møtet mellom dei nordiske samarbeidsministrane. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Nuksia, Finland.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Rune Bjåstad, 957 85 536.

Torsdag 4. februar
Kl. 08.30: Statsråd Aspaker møter i Europa-utvalet i Stortinget.

Pressekontakt: Rune Bjåstad, 957 85 536.

Kl. 11.00:  Statsråd Aspaker møter administrerande direktør i Virke, Vibeke Hammer Madsen. Stad: UD.

Pressekontakt: Rune Bjåstad, 957 85 536.

Kl. 14.00:  Statsråd Aspaker møter styreleiar Gunn Marit Helgesen i KS. Stad: KS, Haakon VIIs gate 9, Oslo.

Pressekontakt: Rune Bjåstad, 957 85 536.

Fredag 5. februar
Kl. 12.00-14.00: Statsråd Aspaker deltek på toppmøtet om kunnskapsbasert fornying og betre tenester i offentleg sektor. Stad: SMK, Glacisgate 1.

Pressekontakt: Rune Bjåstad, 957 85 536.

Laurdag 6. og søndag 7. februar
Statsråd Aspaker deltek på årsmøtet i Troms Høgre. Stad: Harstad.

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Benedicte Staalesen Nilsen, 468 11 754.

Statssekretær Tore Hattrem

Måndag 1. februar
Kl. 12.00: Statssekretær Hattrem møter generalsekretær Gry Larsen i Care. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 15.00: Statssekretær Hattrem møter Ivo H. Daalder, president i Chicago Council on Global Affairs. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 2. februar
Kl. 12.15: Statssekretær Hattrem er vert for ein lunsj med Marokko sin viseutanriksminister, Mbarka Bouaida. Stad: Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 15.00: Statssekretær Hattrem møter Eugene Owusu, FN sin visespesialrepresentant og humanitære koordinator i Sør-Sudan og Heli Uuskyla, leiar for UN-Ocha i Sør-Sudan. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 3. februar
Kl. 10.00: Statssekretær Hattrem møter Mellomkyrkjeleg råd. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Tone Skogen

Måndag 1. februar
Kl. 12.45: Statssekretær Skogen deltek på kontaktkonferansen mellom sivilt samfunn og styresmaktene i samband med FN sin kvinnekommisjon. Stad: Konferansesenteret til Raudekrossen, Hausmannsgate 7, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 5. februar
Kl. 09.00: Statssekretær Skogen deltek på ei markering i samband med den internasjonale dagen mot kjønnslemlesting. Stad: Norad, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Måndag 1. februar
Kl. 12.00: Statssekretær Tronstad møter Leger uten grenser. Organisasjonen vil mellom anna legge fram sin siste rapport om dei humanitære konsekvensane av flyktningsituasjonen i Europa. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.