Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 13

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 13, 2016.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Tysdag 29. mars
Utanriksminister Brende vitjar Sverige for politiske samtalar. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Stockholm

Pressekontakt: Hilde Steinfeld, 404 08 314

Onsdag 30. mars
Utanriksminister Brende vitjar Albania for politiske samtalar. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Tirana

Pressekontakt: Ane H. Lunde, 976 71 250

Torsdag 31. mars
Utanriksminister Brende reiser til Nederland for politiske samtalar. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Haag

Pressekontakt: Ane H. Lunde, 976 71 250

Fredag 1. april
Utanriksminister Brende vitjar Austerrike og Slovakia for politiske samtalar. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Wien og Bratislava

Pressekontakt: Ane H. Lunde, 976 71 250

EØS/EU-minister Elisabeth Aspaker

Tysdag 29. mars
Kl. 18.00: Statsråd Aspaker deltek ved minnemarkeringa for terrorofra i Istanbul, Brussel, Bagdad og Lahore. Stad: Røde Kors, Hausmannsgate 7, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 30. mars
Statsråd Aspaker deltek på "Mobiliseringskonferansen" i regi av NHO der ho mellom anna vil halde avslutningsinnlegget. Stad: NHO

Pressekontakt: Rune Bjåstad, 957 85 536

Torsdag 31. mars og fredag 1. april
Statsråd Aspaker vitjar Estland. Ho vil mellom anna opne ein konferanse om migrasjon og integrasjon i regi av Nordisk ministerråd sitt informasjonskontor og ha politiske samtalar. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Tallinn

Pressekontakt: Rune Bjåstad, 957 85 536