Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke  18

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 18, 2016.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 2. og tysdag 3. mai
Utanriksminister Brende deltek på nordisk utanriksministermøte i Borgå. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Borgå, Finland

Pressekontakt: Siri R. Svendsen, 976 87 801.

Tysdag 3. - torsdag 5. mai
Utanriksminister Brende vitjar Midtausten for politiske samtalar. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Amman, Jerusalem, Ramallah og Riyadh.

Pressekontakt: Frode Overland Andersen, 917 22 022.

Fredag 6. mai
Utanriksminister Brende vitjar Kypros for politiske samtalar. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Nikosia

Pressekontakt: Frode Overland Andersen, 917 22 022.

Statsråd Elisabeth Aspaker

Søndag 8. mai
Kl. 12.00:  Statsråd Aspaker deltek på markeringa av frigjerings- og veterandagen i Tromsø. Stad: Tromsø

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Tore Hattrem

Måndag 2. mai
Kl. 12.00: Statssekretær Tore Hattrem møter Helsingforskomiteen og russiske opposisjonspolitikarar. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 3. mai
Kl. 10.00: Statssekretær Tore Hattrem deltek i ein paneldebatt på Business for Peace-konferansen. Stad: Sentralen, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 17.00: Statssekretær Tore Hattrem er til stades ved Business for Peace Award Ceremony. Stad: Rådhuset, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 4. mai
Kl. 10.00: Statssekretær Tore Hattrem møter Feroza Mushtari frå den afghanske jordmorforeininga. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Tone Skogen

Måndag 2. mai
Kl. 08.30: Statssekretær Skogen møter representantar for staben i den amerikanske kongressen. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 11.00: Statssekretær Tone Skogen møter Dr. José Zaglul, rektor ved Earth universitetet i Costa Rica. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 18.00: Statssekretær Tone Skogen er vert for ei mottaking i samband med Business for Peace-konferansen. Stad: Professorboligen, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 3. og onsdag 4. mai
Statssekretær Tone Skogen deltek på årsmøtet i Asiabanken. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Frankfurt, Tyskland

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Måndag 2. mai
Kl. 08.30: Statssekretær Tronstad møter representantar for staben i den amerikanske kongressen. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.