Historisk arkiv

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 22

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 22, 2016.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 30. - tysdag 31. mai
Utanriksminister Brende reiser til Indonesia for politiske samtalar. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Jakarta, Indonesia

Pressekontakt: Kristin Enstad, 482 68 835.

Onsdag 1. – torsdag 2. juni
Utanriksminister Brende deltek på ministerrådsmøte i OECD. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Paris, Frankrike

Pressekontakt: Guri Solberg, 922 19 769.

Fredag 3. juni
Utanriksminister Brende deltek på ministermøte om fredsprosessen i Midtausten i regi av franske styresmakter. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Paris, Frankrike

Pressekontakt: Guri Solberg, 922 19 769.

Statsråd Elisabeth Aspaker

Tysdag 31. mai
Kl. 13.00: Statsråd Aspaker møter dei nordiske institusjonane Nordforsk, Nordisk energiforskning og Nordic innovation om det komande norske formannskapet i det nordiske samarbeidet i 2017. Stad: Oslo

Pressekontakt: Rune Bjåstad, 957 85 536. 

Kl. 19.00: Statsråd Aspaker har ein arbeidsmiddag med utanriks- og næringsminister Poul Michelsen frå Færøyane. Stad: Oslo.

Pressekontakt: Rune Bjåstad, 957 85 536.

Onsdag 1. juni
Kl. 08.30: EØS/EU-minister Aspaker deltek på møte i Stortinget sitt europautval. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Rune Bjåstad, 957 85 536. 

Kl. 17.00: Statsråd Aspaker deltek på styremøte i Europabevegelsen. Stad: Oslo.

Pressekontakt: Rune Bjåstad, 957 85 536. 

Torsdag 2. juni
Kl. 09.00: EØS/EU-minister Aspaker deltek på EØS-konferansen, eit årleg arrangement for tilsette i offentleg forvalting som arbeider med EØS-spørsmål. Stad: Det Norske Teateret, Oslo

Pressekontakt: Rune Bjåstad, 957 85 536. 

Fredag 3. juni
Kl. 17.00: EØS/EU-minister Aspaker deltek ved opninga av landsmøtet i Foreininga Norden. Stad: Halden

Pressekontakt: UDs pressevakt, 23 95 00 02.

Statssekretær Tore Hattrem

Måndag 30. mai – torsdag 2. juni
Statssekretær Tore Hattrem reiser til Sri Lanka for politiske samtalar. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Colombo, Sri Lanka

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Tone Skogen

Måndag 30. mai
Kl. 14.30: Statssekretær Tone Skogen deltek på konferansen «Political Party Peer Network» i regi av Oslosenteret for fred og menneskerettar. Stad: Utøya

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 31. mai
Kl. 11.00: Statssekretær Tone Skogen deltek på eit møte i Kompakt, regjeringa sitt konsultasjonsorgan for saker knytta til næringslivet sitt samfunnsansvar. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 12.30: Statssekretær Tone Skogen møter frivillige organisasjonar om Agenda 2030 og FN sine bærekraftsmål (SDG). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 1. juni
Kl. 11.45: Statssekretær Tone Skogen møter dei kunstfaglege organisasjonane i det utanrikskulturelle arbeidet. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Onsdag 1. – fredag 3. juni
Statssekretær Tronstad reiser til Lisboa. Ho skal mellom anna ha møte med portugisiske styresmakter om EØS-midla. Ho møter også representantar for det portugisiske forskingsrådet og bedrifter innan innovasjon og forsking. Ho skal også besøke det europeiske sjøtryggleiksbyrået (Emsa) og eit forskingsskip finansiert av EØS-middel. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Lisboa, Portugal

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.