Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartemtenet sitt program i veke 34

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 34, 2016.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Søndag 21. august
Kl. 15.30: Utanriksministeren møter Qatar sin utanriksminister Sheikh Mohammed bin Abdurahman bin Jassim al-Thani. Stad: Oslo. 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02. 

Måndag 22. august
Kl. 08.00: Utanriksministeren deltek på eit møte i Team Arctic. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 09.00: Utanriksministeren held opningsinnlegg når dei formelle fredsforhandlingane mellom den filippinske regjeringa og kommunistbevegelsen NDFP startar i Oslo. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Oslo.

Pressekontakt: Kristin Enstad, 482 68 835.

Onsdag 24. august
Kl. 07.45: Utanriksministeren deltek på eit frukostmøte med Vanessa Kerry frå Seed Global Health. Stad: Hotel Continental, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 25. august
Kl. 10.30: Utanriksministeren møter Sayed Hussain Alimi Balkhi, flyktningminister i Afghanistan. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 25.-fredag 26. august
Utanriksministeren deltek på Nordisk-baltisk utanriksministermøte. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Riga

Pressekontakt: Siri R. Svendsen, 976 87 801.

Søndag 28. august
Utanriksministeren deltek på ein rundebordskonferanse i regi av Munich Security Conference. Stad: Stavanger

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

EØS- og EU-minister Elisabeth Vik Aspaker

Torsdag 25. august
EØS- og EU-ministeren deltek på Perspektivkonferansen 2016 for dei fire samarbeidspartia. Stad: Oslo

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Ragnhild Berg Nilsen, 916 96 455. 

Statssekretær Tore Hattrem

Måndag 22. august
Kl. 08.00: Statssekretær Tore Hattrem deltek på eit møte i Team Arctic. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Tone Skogen

Måndag 22. august
Kl. 17.00: Statssekretær Tone Skogen held innlegg på lanseringa av ein rapport om skatteparadis, i regi av Kirkens Nødhjelp, Tax Justice Network Norge og Redd Barna. Stad: Kulturhuset, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 23. august
Kl. 12.30: Statssekretær Tone Skogen held innlegg i høve feiringa av 200-årsjubileet for sjølvstende i Argentina. Stad: Den argentinske ambassaden, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 25. august
Kl. 11.00: Statssekretær Tone Skogen møter Chijioke Igwe, leiar for det nigeriansk-norske handelskammeret. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 26. august
Kl. 08.15: Statssekretær Tone Skogen møter Dr David Molden, direktør for Icimod (International Centre for Integrated Mountain Development). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Torsdag 25. august
Statssekretær Tronstad deltek på Perspektivkonferansen 2016 for dei fire samarbeidspartia.

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Ragnhild Berg Nilsen, 916 96 455.