Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 42

Her følgjer eit utdrag får programnmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 42, 2016.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 17. - tysdag 18. oktober
Utanriksminister Brende reiser til Japan. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Tokyo og Hiroshima

Pressekontakt: Frode Overland Andersen, 917 22 022.

Onsdag 19. oktober
Utanriksminister Brende vitjar Storbritannia. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: London

Pressekontakt: Frode Overland Andersen, 917 22 022.

Fredag 21. oktober
Kl. 08.30: Utanriksminister Brende held opningsinnlegget på NHO sin handelspolitiske konferanse. Stad: NHO, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 21. - laurdag 22. oktober
Utanriksminister Brende er vert for eit uformelt ministermøte om internasjonal handel. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Voksenåsen, Oslo

Pressekontakt: Guri Solberg, 922 19 769.

EØS- og EU-minister Elisabeth Vik Aspaker

Tysdag 18. oktober
EØS- og EU-minister Elisabeth Vik Aspaker vitjar Narvik. Ho innleier på den næringsretta samlinga East-West-Arena som vert arrangert kvart år i Narvik eller Kiruna/Gälivarre. Ho møter også lokalstyret i Longyearbyen, ordfører Rune Edvardsen og Ofotbanen, og får også ei omvisning på Narvikssenteret. Stad: Narvik.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 19. – torsdag 20. oktober
EØS- og EU-minister Elisabeth Vik Aspaker vitjar Polen. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Warszawa

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Marit Berger Røsland

Måndag 17. – tysdag 18. oktober
Statssekretær Marit Berger Røsland deltek på nordisk-baltisk statssekretærmøte i Riga. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Riga, Latvia

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 19. oktober
Kl. 10.00: Statssekretær Marit Berger Røsland møter direktør ved Nordområdesenteret, professor Frode Mellemvik. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 16.30: Statssekretær Marit Berger Røsland møter Richard Horsey, Myanmar-ekspert. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 20. oktober
Kl. 10.00: Statssekretær Marit Berger Røsland deltek på kontaktmøte mellom UD og Sametinget. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Tone Skogen

Måndag 17. – søndag 23. oktober
Statssekretær Tone Skogen vitjar Ecuador og Costa Rica. Ho deltek på FN Habitat III i Quito, Ecuador og vitjar den inter-amerikanske menneskerettsdomstolen i San José, Costa Rica. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Quito og San José

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Laila Bokhari

Måndag 17. oktober
Kl. 12.00: Statssekretær Laila Bokhari møter representantar for Institute for Security Studies. Stad: Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 18. oktober
Kl. 09.00: Statssekretær Laila Bokhari møter Kristin Clemet om arbeidet i utdanningskommisjonen. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 18. – onsdag 19. oktober
Statssekretær Laila Bokhari deltek på Tsjekkia-forum 2000 i Praha og OSSE-møte i Berlin. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Praha og Berlin

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Måndag 17. oktober
Statssekretær Elsbeth Tronstad deltek på årleg møte med Europarådet om EØS-midlane. Stad: Holmenkollen Park, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 18. oktober
Kl. 08.30: Statssekretær Elsbeth Tronstad møter ein parlamentarikardelegasjon frå det nederlandske parlamentet. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02