Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 43

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 43, 2016.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 24. 
Utanriksminister Brende vitjar Sveits for møte med sveitsiske styresmakter. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Bern,  Sveits

Pressekontakt: Astrid Sehl, 922 84 752.

Onsdag 26.– torsdag 27. oktober
Utanriksminister Brende vitjar Kenya for møte mellom anna med kenyanske styresmakter, næringsliv og FN. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Nairobi, Kenya

Pressekontakt: Astrid Sehl, 922 84 752.

EØS- og EU-minister Elisabeth Vik Aspaker

Tysdag 25. oktober
EØS- og EU-ministeren vitjar London. Ho møter mellom anna brexit-minister David Davis, leiaren for utanrikskomiteen i det britiske parlamentet Crispin Blunt, og parlamentarikar og tidlegare europaminister David Lidington. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: London.

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250.

Onsdag 26. oktober
Kl. 08.30: Statsråd Vik Aspaker møter i Europautvalet i Stortinget. Stad: Stortinget.

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250.

Torsdag 27. oktober
Kl. 10.15: Statsråd Vik Aspaker møter Stortinget sin delegasjon til Nordisk råd. Stad: Stortinget.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 12.00: EØS- og EU-ministeren deltek på ein lunsj med Efta sitt overvakingsorgan (Esa). Stad: UD

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 20.00: EØS- og EU-ministeren deltek på ein middag på Slottet i samband med opninga av Stortinget.

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250.

Statssekretær Marit Berger Røsland

Måndag 24. oktober
Statssekretær Marit Berger Røsland held innlegg på Europakonferansen i regi av Europabevegelsen. Stad: Bergen

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 25. oktober
Statssekretær Marit Berger Røsland deltek på eit nordområdeseminar i Stockholm. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Stockholm, Sverige

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 28. oktober
Kl. 12.15: Statssekretær Marit Berger Røsland møter Mohab Mamesh (styreleiar for Suez-kanalen). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 14.30: Statssekretær Marit Berger Røsland møter Olga Bjelkova, ukrainsk parlamentarikar. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Tone Skogen

Måndag 24. oktober
Kl. 13.00: Statssekretær Tone Skogen held eit innlegg på ei markering av FN-dagen i regi av FN-sambandet. Stad: Ingensteds, Brenneriveien 9, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 25. oktober
Kl. 09.00: Statssekretær Tone Skogen opnar eit seminar om tunisisk næringsfremme. Stad: Oslo Handelskammer

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 11.00: Statssekretær Tone Skogen deltek på møte i Kompakt - regjeringa sitt konsultasjonsorgan for saker knytta til næringslivet sitt samfunnsansvar. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 27. oktober
Kl. 13.00: Statssekretær Tone Skogen deltek på eit arrangement i regi av Vietnam sin ambassade i høve 45 år med diplomatiske relasjonar mellom Noreg og Vietnam. Stad: Røde Kors, Hausmannsgt 7, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Laila Bokhari

Måndag 24. – torsdag 27. oktober
Statssekretær Laila Bokhari reiser til New York og Washington. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: New York og Washington, USA

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 28. oktober
Kl. 15.00: Statssekretær Laila Bokhari møter Hajer Sharief frå Libya, som er tildelt studentane sin fredspris 2017. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Tysdag 25. oktober
Kl. 10.00: Statssekretær Tronstad held innlegg på ein konferanse om europeisk IKT-politikk i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Stad: Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02