Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 45

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 45, 2016.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 7. november
Utanriksminister Brende deltek på Agenda Nord-Norge-konferansen. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Alta

Pressekontakt: Marte Lerberg Kopstad, 995 22 026.

Torsdag 10. november
Kl. 08.15: Utanriksminister Brende møter sivilsamfunnsorganisasjonar, forskings- og fagmiljø og næringslivet for innspel til meldinga til Stortinget om ein framtidsretta utviklingspolitikk og berekraftsmåla. Stad: Ingeniørenes hus, Oslo

Pressekontakt: Guri Solberg, 922 19 769.

Kl. 17.15: Utanriksminister Børge Brende held appell i høve fakkeltoget for trusfridom for alle. Stad: Domkirken, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 18.00: Utanriksminister Brende deltek på «Sikkerhetspolitisk dypdykk» i regi av Den norske Atlanterhavskomité. Stad: Nobels Fredssenter, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

EØS- og EU-minister Elisabeth Vik Aspaker

Tysdag 8. november
Kl. 10.00: EØS- og EU-minister Vik Aspaker held den halvårlege europapolitiske utgreiinga i Stortinget. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Torsdag 10. november
Kl. 10.00: EØS- og EU-ministeren deltek i debatten etter den europapolitiske utgreiinga. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250.

Statssekretær Marit Berger Røsland

Måndag 7. november
Kl. 10.30: Statssekretær Marit Berger Røsland møter Peter Stenlund, statssekretær i det finske utanriksdepartementet. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 8. november
Kl. 09.00: Statssekretær Marit Berger Røsland møter Sturla Henriksen, administrerande direktør i Norges Rederiforbund. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 9. november
Kl. 11.00: Statssekretær Marit Berger Røsland møter Space Norway. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 10. november
Kl. 11.00: Statssekretær Marit Berger Røsland møter Abdelfattah Mourou, 1. visepresident i det tunisiske parlamentet. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Tone Skogen

Søndag 6. – onsdag 9. november
Statssekretær Tone Skogen reiser til Canada i høve DDKKHH Kronprinsen og Kronprinsessa si vitjing til landet. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Ottawa, Toronto og St. John's

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 10. november
Kl. 08.15: Statssekretær Tone Skogen deltek på møtet med sivilsamfunnsorganisasjonar, forsknings- og fagmiljø og næringslivet for innspel til meldinga til Stortinget om ein framtidsretta utviklingspolitikk og berekraftsmåla. Stad: Ingeniørenes hus, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 11. november
Kl. 09.00: Statssekretær Tone Skogen møter IFC-teamet (International Finance Corporation) frå Verdsbanken. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Laila Bokhari

Måndag 7. november
Kl. 08.45: Statssekretær Laila Bokhari møter Chief Minister Salman Sufi frå Special Monitoring Unit i Punjab. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 10. – fredag 11. november
Statssekretær Laila Bokhari reiser til Genève for å møte forskjellige organisasjonar (mellom anna WHO, Gavi og GFATM) i hovudsak om tema relatert til globale helsespørsmål. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Genève

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Tysdag 8. – onsdag 9. november
Statssekretær Elsbeth Tronstad deltek på seminaret "Ensuring cross-border justice for all in the EU: sharing practices and experiences from the ground". Stad: Bratislava, Slovakia

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.