Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 46

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 46, 2016.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Tysdag 15. november
Kl. 14.00: Utanriksminister Brende møter sivilsamfunnsorganisasjonar, forskings- og fagmiljø og næringsliv for innspel til meldinga til Stortinget om hav i utanriks- og utviklingspolitikken. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 16. november
Kl. 16.30: Utanriksminister Brende møter Clara Lòpez, arbeidsminister i Colombia. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 18. – laurdag 19. november
Utanriksminister Brende deltek på Sir Bani Yas Forum. Stad: Abu Dhabi, Dei sameinte arabiske emirata

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

EØS- og EU-minister Elisabeth Vik Aspaker

Måndag 14. – tysdag 15. november
EØS- og EU-minister Vik Aspaker er i Brussel. Ho møter mellom anna sjefsforhandlar for EU-kommisjonen i brexit-prosessen, Michel Barnier, og deltek på møte i EØS-rådet. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Brussel, Belgia.

Pressekontakt: Wera Helstrøm, mobiltelefon +32 494 535 820

Statssekretær Tone Skogen

Tysdag 15. november
Kl.10.00: Statssekretær Tone Skogen deltek på ein norsk-colombiansk rundebordskonferanse om sosial dialog og trepartssamarbeid. Stad: Nobels fredssenter, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 16. november
Kl. 09.00: Statssekretær Tone Skogen held innlegg og deltek i ein paneldebatt på ein konferanse om satsing på næringsliv i utviklingspolitikken, i regi av Utviklingsfondet, LO og Fellesrådet for Afrika. Stad: KS Agenda, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 17. november
Statssekretær Tone Skogen deltek på ein gjevarkonferanse for Den sentralafrikanske republikken i regi av EU og styresmaktene i Den sentralafrikanske republikken. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Brussel, Belgia

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Laila Bokhari

Laurdag 19. november
Kl. 10.00:Statssekretær Laila Bokhari deltek på markeringa av Raftostiftelsen sitt 30-årsjubileum. Stad: Bergen.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02