Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 8

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 8, 2017

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 20. - tysdag 21. februar
Utanriksminister Brende reiser til Bangladesh for bilaterale samtalar. Eigen pressinformasjon følgjer. Stad: Dhaka

Pressekontakt: Ingrid Kvammen Ekker, 990 24 984

Torsdag 23. – fredag 24. februar
Utanriksminister Brende deltek på givarkonferansen for området rundt Tsjadsjøen. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Holmenkollen Park Hotel, Oslo

Pressekontakt: Astrid Sehl, 922 84 752

EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen

Tysdag 21. februar
Kl. 12.00: EØS- og EU-minister Bakke-Jensen møter EU-landa sine ambassadørar. Stad: Klingenberggata 7, Oslo (EU sin delegasjon til Noreg)

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Fredag 24. februar
EØS- og EU-minister Bakke-Jensen besøkjer verksemder i Tromsø og Lyngen, mellom anna foretak som vert støtta over EU-program som Horisont 2020. Stad: Tromsø og Lyngen

Pressekontakt: Siri Svendsen, 976 87 801

Statssekretær Tone Skogen

Måndag 20. februar
Kl. 10.30: Statssekretær Tone Skogen møter leiaren for UNDP (FN sitt program for utvikling) sitt evalueringskontor, Indran Naidoo. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 23. februar
Kl. 09.00: Statssekretær Tone Skogen møter Italia sin viseutanriksminister for utvikling, Mario Giro. Stad: Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 19.00: Statssekretær Tone Skogen er vert for ein middag i samband med givarkonferansen for området rundt Tsjadsjøen. Stad: Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Laila Bokhari

Tysdag 21. februar
Statssekretær Laila Bokhari deltek på ein konferanse om barn i væpna konflikt. Stad: Paris

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 23. februar
Kl. 12.30: Statssekretær Laila Bokhari møter Italia sin viseutanriksminister for utvikling, Mario Giro. Stad: Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 16.00: Statssekretær Laila Bokhari innleier på eit sidemøte om Health and humanitarian response i samband med givarkonferansen for området rundt Tsjadsjøen. Stad: Holmenkollen Park Hotel, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Torsdag 23. februar
Statssekretær Tronstad besøkjer Stockholm for møte med statssekretær Oscar Stenström, og ambassadør Jan Ohlsson. Stad: Stockholm

Pressekontakt: Pressevakta i UD 23 95 00 02