Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 11

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 11, 2017.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 13. mars
Kl. 12.00: Utanriksminister Brende er til stades ved bisettinga av tidlegare statsråd Anne Kristin Sydnes. Stad: Ullern kyrkje.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 16.00: Utanriksminister Brende er i Stortinget i samband med debatten etter den utanrikspolitiske utgreiinga. Han svarer også på ein interpellasjon frå representanten Syversen. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 14. – torsdag 16. mars
Utanriksminister Brende deltek på regjeringa sin budsjettkonferanse. Stad: Hurdalsjøen

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 17. mars
Kl. 08.00: Utanriksminister Brende held innleiing på eit frukostmøte i regi av Corporate Communications. Stad: Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 10.00: Utanriksminister Brende møter FN sin spesialrepresentant i Somalia, Michael Keating. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen

Måndag 13. mars
Kl. 10.30: EØS- og EU-ministeren møter i Stortinget sitt europautval. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Tysdag 14. - torsdag 16. mars
EØS- og EU-ministeren deltek på regjeringa sin budsjettkonferanse. Stad: Hurdalssjøen

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 17. mars
Kl. 09.30: EØS- og EU-ministeren held innleing for fylkesordførar- og fylkesrådmannskollegiet (KS) om fylkeskommunane sitt europeiske arbeid, leiingsforankring og samspel med sentrale styresmakter. Stad: Oslo

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250.

Statssekretær Marit Berger Røsland

Onsdag 15. mars
Kl. 09 30: Statssekretær Røsland møter Oscar Fernandez-Taranco, assisterande generalsekretær i FN for fredsbygging. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 17.00: Statssekretær  Røsland deltek på nordisk (N5) og nordisk-baltisk (NB8) statssekretærmøte. Stad: Hotel Continental, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 16. mars
Kl. 09.00: Statssekretær  Røsland deltek på nordisk-baltisk (NB8) statssekretærmøte. Stad: Hotel Continental, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Tone Skogen

Måndag 13. mars
Kl. 14.00: Statssekretær Skogen møter Stephanie Miller, direktør for Vest-Europa i International Finance Corporation (IFC). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 14. mars
Kl. 10.00: Statssekretær Skogen held innleiing på eit seminar retta mot norsk næringsliv, i regi av International Finance Corporation, Norfund og Utanriksdepartementet. Stad: Norfund, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 15. mars
Kl. 10.00: Statssekretær Skogen opnar Asia-forum. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 16. mars
Kl. 13.00: Statssekretær Skogen møter Axel von Trotsenburg, visepresident i Verdsbanken for utviklingsfinansiering. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Laila Bokhari

Måndag 13. – laurdag 18. mars
Statssekretær Bokhari deltek på FN sin kvinnekommisjon 2017. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: New York.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Måndag 13. – onsdag 15. mars
Statssekretær Tronstad deltek på Europapolitisk forum. Stad: Brussel.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.