Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 12

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 12, 2017.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 20. - torsdag 23. mars
Utanriksminister Brende vitjar USA. I Washington D.C. deltek han mellom anna på utanriksministermøte i den internasjonale koalisjonen mot Isil. I New York møter Brende generalsekretæren i FN, António Guterres, og deltek på eit høgnivåmøte i FN om klima og berekraftsmåla. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Washington D.C. og New York, USA.

Pressekontakt: Kristin Enstad, 482 68 835.

Fredag 24. mars
Kl. 10.15: Utanriksminister Brende møter José Graziano da Silva, generaldirektør i FN sin organisasjon for ernæring og landbruk (FAO). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 12.15: Utanriksminister Brende deltek på ein dåpsseremoni for forskingsskipet F/F Dr. Fridtjof Nansen. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Oslo

Pressekontakt: Marte Lerberg Kopstad, 995 22 026.

EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen

Måndag 20. mars
EØS- og EU-ministeren er i Italia for bilaterale møte. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Roma.

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Tysdag 21. mars
Kl. 10.00: EØS- og EU-ministeren deltek under statsbesøket frå Island. Stad: Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 15.30: EØS- og EU-ministeren held innlegg på konferansen «Global Challenges - Nordic Experiences». Stad: Universitetet i Oslo

Pressekontakt: Siri Svendsen, 976 87 801

Onsdag 22. mars
Kl. 08.30: EØS- og EU-ministeren held innlegg om Noreg og brexit på eit frukostmøte hos kommunikasjonsbyrået Gambit. Stad: Oslo

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Kl. 10.00: EØS- og EU-ministeren har møte med den islandske utanriksministeren, Gudlaugur Thordarson. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Kl. 12.30: EØS- og EU-ministeren deltek under statsministeren sitt møte og regjeringa sin lunsj med den islandske presidenten i samband med det islandske statsbesøket. Stad: Akershus festning, Oslo

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Torsdag 23. mars
Nordisk samarbeidsminister, Frank Bakke-Jensen, deltek på Foreninga Norden si feiring av Nordens dag, og held eit innlegg om det nordiske samarbeidet i omstilling, Norden i Europa og Norden i verden. Stad: Trondheim

Pressekontakt: Siri R. Svendsen, 976 87 801

Fredag 24. mars
Kl. 09.30: EØS- og EU-ministeren møter Noregs bondelag. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Kl. 10.00: EØS- og EU-ministeren møter Forum for reiseliv. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Kl. 12.30: EØS- og EU-ministeren møter Efta sin konsultative komité. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Laurdag 25. mars
Kl. 12.30: EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen held appell når Europabevegelsen markerer 60-årsdagen for Roma-traktaten. Stad: Spikersuppa, Oslo

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Statssekretær Marit Berger Røsland

Måndag 20. mars
Kl. 10.00: Statssekretær Marit Berger Røsland held innleiing på eit årleg næringslivsseminar om den strategiske eksportkontrollen. Stad: Oslo Militære Samfund

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 21. mars
Kl. 09.00: Statssekretær Marit Berger Røsland møter Gunn Marit Helgesen, styreleiar i KS (kommunesektoren sin organisasjon). Stad: Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Tone Skogen

Tysdag 21. – torsdag 23. mars
Statssekretær Tone Skogen vitjar Nepal. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Nepal

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 24. mars
Kl. 19.00: Statssekretær Tone Skogen er vert for ein middag i høve dåpsseremonien til forskingsskipet Dr. Fridtjof Nansen. Stad: Oslo Rådhus

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Laila Bokhari

Måndag 20. mars
Statssekretær Laila Bokhari deltek på Mobile Learning Week. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Paris, Frankrike

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 21. mars
Kl. 10.30: Statssekretær Laila Bokhari møter Norwegian Arts Abroad. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 14.45: Statssekretær Laila Bokhari deltek på den nasjonale lanseringa av 2016 Human Development Report (HDR). Stad: Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 22. mars
Kl. 12.45: Statssekretær Laila Bokhari deltek på ein lunsj i høve statsbesøket frå Island. Stad: Akershus slott, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 23. – fredag 24. mars
Statssekretær Laila Bokhari deltek på bokmessa i Leipzig og har møte i Berlin. Stad: Leipzig og Berlin, Tyskland

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Måndag 20. – tysdag 21. mars
Statssekretær Tronstad deltek i «Berlin Energy Transition Dialogue» og møter statssekretær Uwe Beckmeyer i det tyske nærings- og energiministeriet. Stad: Berlin

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 21. - onsdag 22. mars
Statssekretær Tronstad vitjar Helsingfors. Ho møter statssekretær Paula Lehtomäki ved statsministeren sitt kontor og held innleiing på seminaret «Partnering the European Union». Stad: Helsingfors

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02