Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 14

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 14, 2017.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 3. april
Kl. 16.15: Utanriksminister Brende underteiknar ein avtale med Holocaust-senteret. Stad: Villa Grande, Bygdøy

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 5. april
Utanriksminister Brende deltek på den internasjonale Syria-konferansen i Brussel. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Brussel, Belgia

Pressekontakt: Astrid Sehl, 922 84 752

Torsdag 6. – måndag 10. april
Utanriksminister Brende deltek i statsminister Solberg si vitjing til Kina. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Beijing

Pressekontakt: Marte Lerberg Kopstad, 995 22 026

EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen

Tysdag 4. april
Nordisk samarbeidsminister Bakke-Jensen held ei innleiing under Nordisk råds temasesjon om Norden og USA. Seinare på dagen vil EØS- og EU-minister Bakke-Jensen møte Sverige sin EU- og handelsminister Ann Linde. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Stockholm

Pressekontakt: Siri R. Svendsen, 976 87 801

Onsdag 5. april
EØS- og EU-minister Bakke-Jensen vitjar Tromsø der han held ei innleiing om brexit på NHO sitt frukostmøte. Han vitjar også to ulike verksemder som mellom anna deltek i EU sitt forskings- og innovasjonsprogram (Horisont 2020). På ettermiddagen deltek statsråden på Sjømat Norge sin årskonferanse og held ei innleiing om EØS-avtalen og markedsadgang i eit Europa i endring. Stad: Tromsø

Pressekontakt: Siri R. Svendsen, 976 87 801.

Torsdag 6. april
Kl. 13.00: EØS- og EU-minister og samarbeidsminister Bakke-Jensen møter Noreg sin representant i Grensehinderrådet, Svein Ludvigsen, og arbeidslivet sine partar for samtalar om nordiske grensehinder. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Statssekretær Marit Berger Røsland

Måndag 3. april
Kl. 13.00: Statssekretær Marit Berger Røsland held opningsinnlegg i samband med Norsk senter for menneskerettar (SMR) sitt 30-årsjubileum. Stad: Gamle festsal, Universitetet i Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 14.30: Statssekretær Marit Berger Røsland møter Ajay Mathur, generaldirektør i The Energy and Resources Institute (Teri). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 15.15: Statssekretær Marit Berger Røsland møter ekspedisjonssjef Zaheer A. Janjua, i samband med bilaterale konsultasjonar med Pakistan. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 4. april
Statssekretær Marit Berger Røsland deltek på markeringa av 10-årsjubileet for minekonvensjonen. Stad: Kensington Palace, London

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 6. april
Statssekretær Marit Berger Røsland deltek på High North Dialogue-konferansen 2017. Stad: Bodø

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Tone Skogen

Måndag 3. april
Kl. 10.15: Statssekretær Tone Skogen møter Philip Alston, FN sin spesialrapportør med omsyn til ekstrem fattigdom og menneskerettar. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Laila Bokhari

Tysdag 4. april
Statssekretær Laila Bokhari deltek på den internasjonale Syria-konferansen i Brussel. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Brussel, Belgia

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02