Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 18

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 18, 2017.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Børge Brende

Torsdag 4. mai
Utanriksminister Brende deltek på eit møte i gjevarlandsgruppa for Palestina (AHLC). Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Brussel, Belgia

Pressekontakt: Guri Solberg, 922 19 769.

EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen

Tysdag 2. mai
Kl. 13.00: EØS- og EU-ministeren held innlegg på den nordiske konferansen om barnehagen og skulen som sentrum for inkludering og demokratisk medborgarskap. Stad: Oslo.

Pressekontakt: Siri R. Svendsen, 976 87 801.

Onsdag 3. mai
Kl. 08.30: EØS- og EU-ministeren deltek på møte i Stortinget sitt europautval. Stad: Stortinget.

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Torsdag 4. mai
EØS- og EU-ministeren vitjar Brussel. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Brussel, Belgia.

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250 .

Statssekretær Tone Skogen

Onsdag 3. mai
Kl. 10.30: Statssekretær Tone Skogen møter Partnership for Change. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 4. – laurdag 6. mai
Statssekretær Tone Skogen deltek på Asiabanken sitt årsmøte i Yokohama. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Yokohama, Japan

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Laila Bokhari

Onsdag 3. mai
Kl. 10.00: Statssekretær Laila Bokhari møter Dr. Mohammad Sammak frå Beirut, Libanon og Dr. Leonardo Emberti Gialloreti frå Roma, Italia saman med biskop Kvarme. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 4. mai
Kl. 13.00: Statssekretær Laila Bokhari deltek på eit seminar i regi av Kirkens Nødhjelp og Utanriksdepartementet om kjønnsbasert vald. Stad: Nobels fredssenter, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Laurdag 6. mai
Kl. 11.00: Statssekretær Laila Bokhari deltek på ein konferanse om tvangsekteskap. Konferansen er eit samarbeid mellom den norske ambassaden i Islamabad og den pakistanske ambassaden i Oslo. Stad: Høgskulen i Oslo og Akershus, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02