Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 25

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 25, 2017.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Børge Brende

Tysdag 20. - onsdag 21. juni
Utanriksminister Brende deltek på eit utanriksministermøte i Østersjørådet. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Reykjavik, Island

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 23. – laurdag 24. juni
Utanriksminister Brende vitjar Makedonia for politiske samtalar og Serbia for å delta på presidentinnsettinga i Beograd. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Skopje, Makedonia og Beograd, Serbia

Pressekontakt: Astrid Sehl, 922 84 752.

Laurdag 24. juni
Kl. 13.00: Utanriksminister Brende deltek på den offisielle opninga av Festspela i Nord-Noreg. Stad: Harstad

Pressekontakt: Astrid Sehl, 922 84 752.

EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen

Tysdag 20. juni
Kl. 14.00: EØS- og EU-minister Bakke-Jensen møter Nordisk råd sitt presidium. Stad: Gardermoen

Pressekontakt: Siri R. Svendsen, 976 87 801

Kl. 19.00: EØS- og EU-minister Bakke-Jensen deltek i Open Arctic Debatt, arrangert av Arctic Frontiers. Stad: Kystens hus, Tromsø

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 21. - torsdag 22. juni
EØS- og EU-minister Bakke-Jensen er vert for eit møte med dei nordiske samarbeidsministrane. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Sommarøy, Troms

Pressekontakt: Siri R. Svendsen, 976 87 801

Fredag 23. juni
EØS- og EU-minister Bakke-Jensen gjestar ArcticZymes og Redningsselskapet i Tromsø. Stad: Tromsø.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Marit Berger Røsland

Måndag 19. juni
Kl. 11.00: Statssekretær Røsland møter Bellona, Naturvernforbundet og Natur & Ungdom i samband med årets møte i den norsk-russiske atomkommisjonen. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 14.00: Statssekretær Røsland deltek på møte i NGO-forum for menneskerettar. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 21. - fredag 23. juni
Statssekretær Røsland deltek på konferansen Solidarity Summit. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Kampala, Uganda.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Tone Skogen

Tysdag 20. juni
Kl. 11.00: Statssekretær Skogen deltek på eit møte i Kompakt, regjeringa sitt konsultasjonsorgan for saker knytta til næringslivet sitt samfunnsansvar. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 21. juni
Kl. 09.00: Statssekretær Skogen held eit innlegg på ein workshop med tittelen «Fraud prevention and detection in humanitarian assistance». Stad: Ingeniørenes Hus, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Laila Bokhari

Onsdag 21. juni
Kl. 12.30: Statssekretær Bokhari møter Utdanningsforbundet. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 22. juni
Kl. 10.00: Statssekretær Laila Bokhari møter sivilsamfunnsorganisasjonar om berekraftsmåla. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.