Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 26

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 26, 2017.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 26. - tysdag 27. juni
Utanriksminister Brende deltek på markeringa i samband med den første utskipinga av brukt kjernefysisk brensel frå Andrejevbukta. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Andrejevbukta, Russland.

Pressekontakt: Kristin Enstad, 482 68 835.

Torsdag 29. - fredag 30. juni
Utanriksminister Brende vitjar Tanzania. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Dar-es-Salaam, Tanzania.

Pressekontakt: Ingrid Kvammen Ekker, 990 24 984.

EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen

Tysdag 27. juni
Kl. 11.30: EØS- og EU-minister Bakke-Jensen møter utanriksministeren på Island, Gudlaugur Thor Thordarson. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Kl. 20.00: EØS- og EU-minister Bakke-Jensen deltek i ein valdebatt i Finnmark. Stad: Alta

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Daniel Sørdahl, 992 50 336.

Torsdag 29. juni
Kl. 13.00: EØS- og EU-minister Bakke-Jensen møter menneskerettsaktivistar frå Aust- og Sør-Europa i samband med Oslo Pride. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Fredag 30. juni
EØS- og EU-minister Bakke-Jensen deltek på eit møte i regi av Høgre. Stad: Vadsø

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Daniel Sørdahl, 992 50 336.

Statssekretær Marit Berger Røsland

Måndag 26. juni
Kl. 10.30: Statssekretær Røsland møter Kathleen Kavalec, Deputy Assistant Secretary på Europakontoret i det amerikanske utanriksdepartementet. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 12.30: Statssekretær Røsland møter ein delegasjon frå Norway House i Minneapolis. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 27. - onsdag 28. juni
Statssekretær Røsland deltek på markeringa i samband med den første utskipinga av brukt kjernefysisk brensel frå Andrejevbukta og på møte i den norsk-russiske atomkommisjonen i Kirkenes. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Andrejevbukta, Russland og Kirkenes.

Pressekontakt: Kristin Enstad, 482 68 835.

Statssekretær Tone Skogen

Måndag 26. juni
Kl. 14.00: Statssekretær Skogen deltek på Africa Day Celebration. Stad: African Cultural Institute, Pilestredet 75 C

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 17.00: Statssekretær Skogen deltek på eit arrangement i høve Oslo Pride. Stad: Den canadiske ambassaden, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Laila Bokhari

Onsdag 28. juni
Statssekretær Bokhari deltek på eit seminar om utdanning i regi av FN. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: New York

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 29. - fredag 30. juni
Statssekretær Bokhari deltek på møte i Stillehavsalliansen. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Cali, Colombia

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Onsdag 28. juni
Kl. 15.30: Statssekretær Tronstad møter representantar for Norsk-svensk handelskammer. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Fredag 30. juni
Kl. 10.00: Statssekretær Tronstad deltek på eit møte med NHO-fellesskapet. Stad: NHO, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.