Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 27

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 27, 2017.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 3. - onsdag 5. juli
Utanriksminister Brende reiser til Singapore for politiske samtalar. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Singapore

Pressekontakt: Astrid Sehl, 922 84 752

Torsdag 6. juli
Utanriksminister Brende reiser til Myanmar for politiske samtalar. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Myanmar

Pressekontakt: Astrid Sehl, 922 84 752

EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen

Måndag 3. juli
EØS- og EU-minister Bakke-Jensen møter presidenten i Den europeiske patentorganisasjonen (The European Patent Organisation- EPO), Benoit Battistelli. Han vitjar også Teknologisenteret i Bergen i samband med markeringa av Patentdagen, og Universitetet i Bergen for å få ei utgreiing om prosjekta deira som er finansiert med midlar frå EUs forskingsprogram Horisont 2020. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Bergen

Pressekontakt: Siri Svendsen, 976 87 801

Torsdag 6. juli
EØS- og EU-minister Bakke-Jensen deltek på Midnattsrock. Stad: Lakselv

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Daniel Sørdahl, 992 50 336.

Statssekretær Tone Skogen

Søndag 2. – tysdag 4. juli
Statssekretær Skogen deltek på det årlege Tidewater-møtet. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Lisboa, Portugal

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 5. juli
Kl. 11.00: Statssekretær Skogen møter ein delegasjon frå Kuwait Oil Company. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 6. juli
Statssekretær Skogen deltek på høgnivåkonferansen «Opportunity Ukraine». Sjå eigen presseinformasjon. Stad: London, England

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.