Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 36

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 36, 2017.

Utanriksminister Børge Brende

Måndag 4. september
Utanriksminister Brende deltek på møte med den britiske utanriksministeren og utanriksministrane i dei nordiske og baltiske landa. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: London, Storbritannia

Pressekontakt: Frode Overland Andersen, 917 22 022.

Tysdag 5. september
Utanriksminister Brende møter studentar ved Høgskulen i Sørøst-Noreg (HSN) for diskusjon om utanrikspolitikk, deltek på Høgre sin stand i Drammen og har møte med NHO og internasjonalt retta verksemder i Buskerud.

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Bård Ludvig Thorheim, 975 45 181.

Onsdag 6. september
Utanriksminister Brende er i Vest-Agder. Brende vitjar Stiftelsen Arkivet, møter lokale gründerar som satsar mot Kina og deltek på eit partiarrangement for Høgre på campus UiA.

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Bård Ludvig Thorheim, 975 45 181.

Torsdag 7. september
Kl. 12.00: Utanriksminister Brende deltek på Norfund sin 20-års jubileumskonferanse. Stad: Grand Hotel, Oslo

Pressekontakt: Guri Solberg, 922 19 769.

Kl. 18.00: Utanriksminister Brende er vert for ei mottaking for deltakarane på den regionale samlinga om berekraftsmål 16 i regi av UNDP, Oslo Governance Centre og Utanriksdepartementet. Stad: Parkveien, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 18.30: Utanriksminister Brende deltek på Norfund sin «Mini-konferanse» og påfølgjande jubileumsmiddag. Stad: Grand Hotel, Oslo

Pressekontakt: Guri Solberg, 922 19 769.

Fredag 8. september
Utanriksminister Brende er i Sogn og Fjordane. Han møter ordførar i Førde, Olve Grotle om Fredskorpset, vitjar Flora og Hafstad vidaregåande skuler, har lunsjmøte med lokalt næringsliv i Florø og vitjar United World College i Fjaler kommune.

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Bård Ludvig Thorheim, 975 45 181.

Laurdag 9. september
Utanriksminister Brende er i Trøndelag. Han held appell saman med tidlegare Trondheim-ordførar Marvin Wiseth i Nordre gate i Trondheim, opnar Trondheim pride og vitjar Malvik og Melhus saman med lokale stortingskandidatar for Høgre.

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Bård Ludvig Thorheim, 975 45 181.

EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen

Måndag 4. september
EØS- og EU-minister Bakke-Jensen er på valkamp i Finnmark. Stad: Vadsø og Kirkenes

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Daniel Sørdahl, 992 50 336.

Tysdag 5. september
Nordisk samarbeidsminister, Frank Bakke-Jensen, vitjar København for å delta på eit møte med dei nordiske samarbeidsministrane. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: København.

Pressekontakt: Siri R. Svendsen, 976 87 801.

Torsdag 7. – måndag 11. september
EØS- og EU-minister Bakke-Jensen er på reise i Nord-Noreg for å delta på ulike valkamparrangement.

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Daniel Sørdahl, 992 50 336.

Statssekretær Marit Berger Røsland

Måndag 4. september
Kl. 12.00: Statssekretær Røsland opnar Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) sin årlege internasjonale anti-terrorkonferanse. Stad: Scandic Solli Hotel, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 6. september
Kl. 20.00: statssekretær Røsland er vert for ein middag med polske politikarar. Stad: Hotel Continental, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Tone Skogen

Tysdag 5. september
Kl. 13.00: Statssekretær Skogen held eit innlegg på den offisielle lanseringa av Tilskuddsportalen/eSøknad. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Guri Solberg, 922 19 769.

Onsdag 6. september
Kl. 13.00: Statssekretær Skogen møter Nhlanhla Nene, tidlegare finansminister i Sør-Afrika. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag 7. september
Kl. 09.00: Statssekretær Skogen held opningsinnlegget på ei regional samling om berekraftsmål 16 (Fred og rettferd), i regi av UNDP, Oslo Governance Center og Utanriksdepartementet. Stad: KS, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 18.00: Statssekretær Skogen deltek på ei mottaking for deltakarane på den regionale samlinga om berekraftsmål 16 i regi av UNDP, Oslo Governance Centre og Utanriksdepartementet. Stad: Parkveien, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Laila Bokhari

Måndag 4. september
Kl. 15.30: Statssekretær Bokhari opnar Mira-senteret sitt nye lokale. Stad: Storgata 53a, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 5. september
Kl. 09.00: Statssekretær Bokhari deltek i ein debatt om feministisk utviklingspolitikk, i regi av Forum for kvinner og utviklingsspørsmål. Stad: Kulturhuset, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Elsbeth Tronstad

Måndag 4. september
Statssekretær Tronstad vitjar Praha for å underteikne avtale for ein ny periode med EØS-midlar til Tsjekkia. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Praha, Tsjekkia.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 6. september
Kl. 09.45: Statssekretær Tronstad møter polske parlamentarikarar. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.