Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 44

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 44, 2017.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Tysdag 31. oktober – onsdag 1. november
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek på Nordisk råds 69. sesjon. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Helsingfors, Finland

Pressekontakt: Kristin Enstad, 482 68 835.

Torsdag 2. november
Kl. 09.30: Utanriksminister Eriksen Søreide opnar eit arrangement om utdanning og læring etter Verdsbankens rapport "Learning to Realize Education's Promise". Møtet vert arrangert av Norad. Stad: Norad, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

EØS- og EU-minister Marit Berger Røsland

Måndag 30. oktober
EØS- og EU-minister Marit Berger Røsland er i Brussel for møte med mellom anna Sekretariatet for EØS-midla (FMO) og Michel Barnier, forhandlingsleiar for brexit. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Brussel, Belgia

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Statssekretær Audun Halvorsen

Måndag 30. oktober
Kl. 12.30: Statssekretær Audun Halvorsen opnar seminaret "Environmental human rights defenders under threat from business operations". Stad: Litteraturhuset, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Tone Skogen

Måndag 30. – tysdag 31. oktober
Statssekretær Tone Skogen deltek på høgnivåmøte i OECD sin utviklingskomité (OECD Dac) i Paris. Stad: Paris, Frankrike

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 2. november
Kl. 09.00: Statssekretær Tone Skogen opnar arrangementet "Den internasjonale dagen for å få slutt på straffefrihet for forbrytelser mot journalister». Stad: Høgskolen i Oslo og Akershus, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Jens Frølich Holte

Måndag 30. oktober
Statssekretær Jens Frølich Holte deltek på møte i Brussel saman med EØS- og EU-minister Marit Berger Røsland. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Brussel, Belgia

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Tysdag 31. oktober
Statssekretær Jens Frølich Holte signerer ein avtale om EØS-midla for 2014-2021 med Hellas og møter mellom anna minister for økonomi og utvikling Alexis Charitsis for politiske samtalar. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Aten, Hellas

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02