Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 45

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 45, 2017.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Måndag 6. november
Kl. 18.30: Utanriksminister Eriksen Søreide held ein appell i samband med fakkeltoget for trus- og livssynsfridom. Stad: Utanfor UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 10. november
Utanriksminister Eriksen Søreide reiser til Ørlandet i samband med overleveringa av nye jagarfly. Stad: Ørlandet

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

EØS- og EU-minister Marit Berger Røsland

Måndag 6. november
Kl. 13.30: EØS- og EU-ministeren møter Keir Starmer, leiar i Labour si skyggeregjering i det britiske parlamentet. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Onsdag 8. - torsdag 9. november
EØS- og EU-ministeren vitjar Irland og møter mellom anna den irske europaministeren Helen McEntee. Ministeren held også innlegg på Institute of European Affairs (IIEA). Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Dublin, Irland

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Statssekretær Audun Halvorsen

Torsdag 9. november
Kl. 13.00: Statssekretær Halvorsen møter Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) ved leiar Beathe Øgård, politisk nestleiar Julie Kristine Wood og politisk rådgjevar Christian Bull. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 10. november
Statssekretær Halvorsen reiser til Ørlandet i samband med overleveringa av nye jagarfly. Stad: Ørlandet

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Tone Skogen

Tysdag 7. – torsdag 9. november
Statssekretær Skogen følger Kronprinsen og Kronprinsessa på offisiell vitjing til Etiopia. Stad: Addis Abeba

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Jens Frølich Holte

Onsdag 8. november
Kl. 17.30: Statssekretær Frølich Holte held innlegg om brexit under Rederiforbundet sitt seminar «Proteksjonisme i anmarsj – hvilken rolle kan Norge spille». Stad: Rederiforbundet, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 9. november
Kl. 09.00: Statssekretær Frølich Holte tek imot David Mundell, den britiske ministeren for Skottland, til møte i Utanriksdepartementet. Han deltek og med Mundell på eit program i Bergen. Stad: Oslo/Bergen

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02