Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 46

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 46, 2017.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Måndag 13. november
Kl. 10.00: Utanriksminister Eriksen Søreide møter Lise Kingo, leiar i Global Compact, FN sitt globale bedriftsnettverk for samfunnsansvar. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 10.30: Utanriksminister Eriksen Søreide held innlegg på møte i Kompakt, regjeringa sitt konsultasjonsorgan i saker om næringslivet sitt samfunnsansvar. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 14. november
Utanriksminister Eriksen Søreide er i Brussel. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Brussel, Belgia

Pressekontakt: Ingrid Kvammen Ekker, 990 24 984

Torsdag 16. november
Kl. 10.00: Utanriksminister Eriksen Søreide svarer på ein interpellasjon frå stortingsrepresentant Abid Q. Raja om rohingyaene. Stad: Stortinget, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 16.00: Utanriksminister Eriksen Søreide møter Yves Daccord, generaldirektør i Den internasjonale Røde Kors-komiteen (ICRC). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 17. november
Kl. 08.00: Utanriksminister Eriksen Søreide møter Seth Berkley, direktør for Den internasjonale vaksinealliansen (Gavi). Stad: Parkveien, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Laurdag 18. – tysdag 21. november
Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på Asia-Europe Meeting (Asem) sitt utanriksministermøte i Myanmar. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Nay Pyi Taw, Myanmar

Pressekontakt: Frode Overland Andersen, 917 22 022

EØS- og EU-minister Marit Berger Røsland

Måndag 13. november
EØS- og EU-minister Røsland vitjar Sofia for politiske samtalar med Tomislav Donchev, visestatsminister i Bulgaria, og Lilyana Pavlova, EU-formannskapsminister, i samband med det bulgarske EU-formannskapet i 2018. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Sofia, Bulgaria.

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Tysdag 14. november
EØS- og EU-minister Røsland deltek på møte i EØS-rådet. Stad: Brussel

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Onsdag 15. november
Kl. 17.20: EØS- og EU-minister Røsland innleiar om Noregs klimamål for 2030 og samarbeid mellom private og offentlege styresmakter på møte i klimainitiativet Norge203040. Stad: Rådhussalen, Oslo

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Fredag 17. november
Kl. 13.15: EØS- og EU-minister Røsland vitjar Veterinærinstituttet saman med helse- og omsorgsminister Bent Høie i samband med den internasjonale antibiotikauka. Stad: Oslo

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Statssekretær Audun Halvorsen

Måndag 13. – tysdag 14. november
Statssekretær Halvorsen deltek på årets Agenda Nord-Noreg-samling. Stad: Mo i Rana

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02