Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 49

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 49, 2017.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Måndag 4. desember
Utanriksminister Eriksen Søreide besøkjer London for bilaterale møte og deltek på overleveringa av juletre i det britiske utanriksdepartementet. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: London, Storbritannia

Pressekontakt: Astrid Sehl, 922 84 752

Tysdag 5. - onsdag 6. desember
Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på Nato sitt utanriksministermøte. Sjå eigen presseinformasjon.
Stad: Brussel, Belgia

Pressekontakt: Frode Overland Andersen, 917 22 022

Torsdag 7. desember
Kl. 16.00: Utanriksminister Eriksen Søreide møter Pramila Patten, FNs generalsekretær sin spesialrepresentant for seksualisert vald. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 16.30: Utanriksminister Eriksen Søreide møter Bineta Diop, Den afrikanske union (AU) sin spesialutsending for kvinner, fred og tryggleik. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Søndag 10. - tysdag 12. desember
Utanriksminister Eriksen Søreide reiser til Buenos Aires for å delta på Verdas handelsorganisasjon (WTO) sitt ministermøte. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Buenos Aires, Argentina

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

EØS- og EU-minister Marit Berger Røsland

Tysdag 5. desember
EØS- og EU-minister Berger Røsland møter David Davis, statsråd med ansvaret for brexit-prosessen. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: London, Storbritannia

Pressekontakt: Siri Svendsen, 976 87 801

Onsdag 6. desember
EØS- og EU-minister Berger Røsland deltek i spontanspørjetimen. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Torsdag 7. desember
EØS- og EU-minister Berger Røsland møter Sampo Terho, europaminister i Finland. Stad: Helsingfors, Finland

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Fredag 8. desember
Kl. 12.30: EØS- og EU-minister Berger Røsland møter Hans-Christian Gabrielsen, leiar i LO. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Statssekretær Audun Halvorsen

Torsdag 7. desember
Statssekretær Halvorsen deltek på Organisasjonen for sikkerhet og samarbeid i Europa (OSSE) sitt ministermøte i Wien. Stad: Wien, Austerrike

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Marianne Hagen

Torsdag 7. desember
Kl. 09.00: Statssekretær Hagen held opningsinnlegget på Prio-konferansen Missing Peace Symposium. Stad: Litteraturhuset, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 16.30: Statssekretær Hagen møter Lord Ahmad, Storbritannia sin spesialrepresentant for seksualisert vald. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Jens Frølich Holte

Måndag 4. desember
Kl. 14.20: Statssekretær Frølich Holte held innlegg på Indre marknads-konferansen 2017 som vert arrangert av Nærings- og fiskeridepartementet og Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO). Stad: Næringslivets Hus, Middelthunsgate 27, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 6. desember
Kl. 18.00: Statssekretær Frølich Holte deltek på ei mottaking i samband med Finland sitt 100-årsjubileum. Stad: Oslo Rådhus

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02