Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 2

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 2, 2018.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Onsdag 10. - torsdag 11. januar
Utanriksminister Eriksen Søreide vitjar USA. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Washington D.C. og New York

Pressekontakt: Kristin Enstad, 482 68 835

EØS- og EU-minister Marit Berger Røsland

Søndag 7. - måndag 8. januar
EØS- og EU-minister Berger Røsland deltek på Høgre sin felleskonferanse for sentrale tillitsvalde i partiet. Stad: Sundvollen

Pressekontakt: Politisk rådgivar Bård L. Thorheim, mobil 975 45 181

Tysdag 9. januar
Kl. 10.00: EØS- og EU-minister Berger Røsland er i Stortinget i samband med framlegget om å nedsetje eit utval som skal se på Noreg sine alternativ til EØS-avtalen. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 19.00: EØS- og EU-minister Berger Røsland deltek på NHO sin årsmiddag. Stad: Oslo Spektrum, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 10. januar
EØS- og EU-minister Berger Røsland møter Ann Linde, EU- og handelsminister i Sverige. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Stockholm

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 11. januar
Kl. 11.00: EØS- og EU-minister Berger Røsland møter Erik Oddvar Eriksen frå Arena Senter for europaforskning. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Marianne Hagen

Søndag 7. - måndag 8. januar
Statssekretær Hagen deltek på Høgre sin felleskonferanse for sentrale tillitsvalde i partiet. Stad: Sundvollen

Pressekontakt: Politisk rådgivar Bård L. Thorheim, mobil 975 45 181

Tysdag 9. januar
Kl. 14.00: Statssekretær Hagen møter representantar for Forum for kvinner og utviklingsspørsmål (Fokus) om kampanjen mot straffefridom for vald mot kvinner. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 10. januar
Kl. 09.00: Statssekretær Hagen møter Kirkens Nødhjelp. Stad: Kirkens Nødhjelp, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 11. januar
Kl.14.30: Statssekretær Hagen møter Joe Cerrell frå Bill & Melinda Gates Foundation. Stad: Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Jens Frølich Holte

Torsdag 11. januar
Kl. 11.00: Statssekretær Holte møter, saman med EØS- og EU-minister Marit Berger Røsland, Erik Oddvar Eriksen frå Arena Senter for europaforskning. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02