Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 22

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 22, 2018.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Måndag 28. mai
Kl. 10.30: Utanriksminister Eriksen Søreide innleiar på eit møte i referansegruppa for FN-forhandlingar om havrett. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 14.30: Utanriksminister Eriksen Søreide og utviklingsminister
Astrup møter sivilsamfunnsorganisasjonar til ein dialog om #metoo. Møtet er ledd i ein prosess for å intensivere arbeidet med å forebyggje seksuell trakassering, vald og overgrep internt i bistandsbransjen. Stad: Norad, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 29. mai
Kl. 08.30: Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på eit møte i Europautvalet (SEU). Stad: Stortinget, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 10.00: Utanriksminister Eriksen Søreide held opningstalen på Oslo Freedom Forum. Stad: Det Norske Teateret, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 18.30: Utanriksminister Eriksen Søreide er saman med forsvarsminister Frank Bakke-Jensen og utviklingsminister Nikolai Astrup vertskap for ein middag for utanriks- og forsvarskomiteen. Stad: Parkveien, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 30. mai
Kl. 07.30: Utanriksminister Eriksen Søreide er vert for eit frukostmøte med Helen McEntee, europaminister i Irland. Stad: Parkveien, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 31. mai
Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på eit ministerrådsmøte i OECD. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Paris, Frankrike

Pressekontakt: Guri Solberg, 922 19 769

Utviklingsminister Nikolai Astrup

Måndag 28. mai
Kl. 11.00: Utviklingsminister Astrup møter Øyvind Eriksen, konserndirektør i Aker. Stad: Aker, Fornebu

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 13.30: Utviklingsminister Astrup held ei innleiing på SN Power sitt leiarseminar. Stad: Losby hotell

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 14.30: Utviklingsminister Astrup og utanriksminister Eriksen Søreide møter sivilsamfunnsorganisasjonar til ein dialog om #metoo. Møtet er ledd i ein prosess for å intensivere arbeidet med å forebyggje seksuell trakassering, vald og overgrep internt i bistandsbransjen. Stad: Norad, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 29. mai
Kl. 15.30: Utviklingsminister Astrup held ei innleiing på Oslo Freedom Forum. Stad: Det Norske Teatret, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 18.30: Utviklingsminister Astrup er saman med utanriksminister Eriksen Søreide og forsvarsminister Bakke-Jensen vertskap for ein middag for utanriks- og forsvarskomiteen. Stad: Parkveien, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 31. mai
Kl. 10.15: Utviklingsminister Astrup møter Caritas Norge. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Audun Halvorsen

Onsdag 30. mai
Kl. 10.00: Statssekretær Halvorsen møter Anne Sipiläinen, statssekretær i det finske utanriksdepartementet, og Esa Pulkkinen, sjef for EUs militærstab. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 11.30: Statssekretær Halvorsen deltek på ein lunsj og eit seminar i Finland sin ambassade om utviklinga i EU sin tryggleiks- og forsvarspolitikk. Stad: Den finske residensen, Thomas Heftyes gate 3, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 31. mai
Kl. 09.30: Statssekretær Halvorsen opnar ein OSSE-konferanse i Oslo. Stad: Domus Academica, Gamle Festsal, Karl Johans gate 47, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 1. –  laurdag 2. juni
Statssekretær Halvorsen deltek på Lennart Meri-konferansen "The Next Hundred Years". Stad: Tallinn, Estland

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Marianne Hagen

Søndag 27. – tysdag 29. mai
Statssekretær Hagen reiser til Jakarta i samband med deltaking på felleskommisjonsmøte mellom Noreg og Asean, samt bilaterale møte. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Jakarta, Indonesia

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 30. mai
Kl. 11.30: Statssekretær Hagen møter Kelly Clements, nestleiar i UNHCR. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 31. mai
Kl. 09.30: Statssekretær Hagen møter Helen Durham, leiar for International Law and Policy-avdelinga i Den internasjonale Raude Kross-komiteen (ICRC). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Jens Frølich Holte

Tysdag 29. mai
Kl. 14.00: Statssekretær Frølich Holte leiar det fyrste møtet i eit forum om korleis norsk politikk på relevante område kan gjerast meir i tråd med våre
utviklingspolitiske interesser. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 31. mai
Kl. 13.30: Statssekretær Jens Holte deltek i eit dialogmøte med likestillingsnettverket. Stad: Redd Barna, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Til toppen