Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 7

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 7, 2019.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.  

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Måndag 11. februar
Kl. 09.00: Utanriksminister Eriksen Søreide møter Sverige sin utanriksminister Margot Wallström. Stad: Parkveien 45, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 12. februar
Kl. 12.00: Utanriksminister Eriksen Søreide møter ein delegasjon leia av finansminister Ken Ofori-Atta frå Ghana. Stad: UD, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Onsdag 13. februar
Kl. 16.00: Utanriksminister Eriksen Søreide deltek i ein diskusjon på Oslo Energy Forum. Stad: Grand Hotel, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Torsdag 14. februar
Kl. 18.00: Utanriksminister Eriksen Søreide er til stades under sentralbanksjefen sin årstale. Stad: Norges Bank, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 20.00: Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på DD.MM. Kongen og Dronninga sin middag for det diplomatiske korps. Stad: Det kgl. slott, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Fredag 15. - søndag 17. februar
Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på tryggleikskonferansen i München (Munich Security Conference). Sjå eigen presseinformasjon. Stad: München, Tyskland 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein 

Tysdag 12. februar
Kl. 11.00: Utviklingsminister Ulstein møter ein delegasjon leia av finansminister Ken Ofori-Atta frå Ghana. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 20.00: Utviklingsminister Ulstein deltek i ein middag for Ghana sin finansminister Ken Ofori-Atta. Stad: Parkveien 45, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 14. februar
Kl. 10.15: Utviklingsminister Ulstein møter Norwegian African Business Association (Naba). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 20.00: Utviklingsminister Ulstein deltek på DD.MM. Kongen og Dronninga sin middag for det diplomatiske korps. Stad: Det kgl. slott, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Audun Halvorsen

Torsdag 14. februar
Kl. 09.30: Statssekretær Halvorsen møter Edmond Ademi, minister for diaspora i Makedonia. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 14.00: Statssekretær Halvorsen møter Svein Stølen, rektor på Universitetet i Oslo. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 15. - søndag 17. februar
Statssekretær Halvorsen deltek på tryggleikskonferansen i München (Munich Security Conference). Stad: München, Tyskland

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Marianne Hagen 

Måndag 11. - onsdag 13. februar
Statssekretær Hagen deltek på konferansen World Sustainable Development Summit (WSDS). Sjå eigen presseinformasjon. Stad: New Delhi, India

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Fredag 15. februar
Kl. 13.00: Statssekretær Hagen held innleiing på AgriAnalyse sitt seminar om internasjonal handelspolitikk. Stad: Bjørvika konferansesenter, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Jens Frølich Holte 

Måndag 11. februar
Kl. 10.30: Statssekretær Frølich Holte møter tidlegare indiske utanriksråd Subrahmanyam Jaishankar. Stad: UD, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

 

Til toppen