Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 8

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 8, 2019.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.  

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Tysdag 19. februar
Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på eit ope møte på Universitetet i Bergen. Tema er meldinga til Stortinget om internasjonalt samarbeid under press. Sjå Universitetet i Bergen sin nettstad for ytterlegare informasjon. Utanriksministeren har mellom anna og møte med rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, og vil besøkje Sjøkrigsskulen. Stad: Bergen  

Pressekontakt: Kristin Enstad, 482 68 835 (med på reisa) 

Fredag 22. februar
Utanriksminister Eriksen Søreide reiser til Ungarn for møte med ungarske styresmakter. Stad: Budapest, Ungarn 

Pressekontakt: Marte Lerberg Kopstad, 995 22 026 (med på reisa) 

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein 

Tysdag 19. februar
Kl. 10.00: Utviklingsminister Ulstein møter organisasjonane Atlas-alliansen, Fouks og Digni. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 21. februar
Kl. 13.00: Utviklingsminister Ulstein møter finansminister Romuald Wadagni frå Benin. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 19.30: Utviklingsminister Ulstein deltek i ein middag for finansminister Romuald Wadagni frå Benin. Stad: Parkveien 45, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Fredag 22. februar
Kl. 10.15: Utviklingsminister Ulstein møter leiar i Norfund, Tellef Thorleifsson og styreleiar Kristin Clemet. Stad: UD, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Jens Frølich Holte 

Måndag 18. – fredag 22. februar
Statssekretær Frølich Holte vitjar Mellom-Amerika for møte med styresmakter, frivillige organisasjonar og norsk næringsliv. Frølich Holte vil mellom anna lansere neste fase i ambassaden i Mexico sitt samarbeidsprosjekt Mayaprogrammet. Stad: Guatemala by og Tegucigalpa

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

 

 

 

Til toppen