Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 21

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 21, 2019.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Måndag 20. mai
Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på møte i EØS-rådet. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Brussel, Belgia

Pressekontakt: Per Wiggen (med på reisa), e-post: [email protected], mobil: +47 915 58 486

Tysdag 21. mai
Kl. 08.00: Utanriksminister Eriksen Søreide har møte med utanriksminister Khemaies Jhinaoui frå Tunisia. Stad: Parkveien 45, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 11.00: Utanriksminister Eriksen Søreide held innlegg på landsmøtet til FN-sambandet. Stad: «Skatten», Tøyen torg, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 13.30: Utanriksminister Eriksen Søreide svarer på ein interpellasjon frå representanten Stefan Heggelund (H) om religiøse minoritetar. Stad: Stortinget, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Onsdag 22. – torsdag 23. mai
Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på ministerrådsmøte i OECD. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Paris, Frankrike

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Fredag 24. mai
Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på den internasjonale konferansen mot seksuell og kjønnsbasert vald (SGBV-konferansen). Tidspunkt for pressekonferanse er kl. 08.30-09.00. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Radisson Blu Plaza Hotel, Oslo

Pressekontakt: Mari Bangstad, e-post: [email protected], mobil: +47 414 40 871

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein 

Måndag 20. mai
Utviklingsminister Ulstein besøkjer Hald Internasjonale Senter og har møte med Strømmestiftelsen. Stad: Kristiansand 

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Gjermund Øystese, 993 60 014

Tysdag 21.  mai
Utviklingsminister Ulstein besøkjer Bjerknes senter for klimaforsking. Stad: Universitetet i Bergen

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 22. mai
Kl. 08.00: Utviklingsminister Ulstein deltek på eit seminar i regi av Tankesmia Agenda om «Bistand i ei ny tid – kva bør Noreg prioritere i utviklingspolitikken?». Sjå nettsida til Agenda for meir informasjon. Stad: Nobels Fredssenter, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 10.30: Utviklingsminister Ulstein er til stades når Norad signerer ei avtale med Redd Barna. Stad: Redd Barna, Oslo

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250

Torsdag 23. mai
Kl. 10.00: Utviklingsminister Ulstein held utviklingspolitisk utgreiing for Stortinget. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde, 976 71 250 

Fredag 24. mai
Kl. 08.00: Utviklingsminister Ulstein har fleire møte i samband den internasjonal konferansen mot seksuell og kjønnsbasert vald (SGBV-konferansen). Sjå nettsida til konferansen for meir informasjon. Stad: Radisson Blu Plaza Hotel, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 12.30 Utviklingsminister Ulstein har møte med Joel Boutroue, leiar av FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) i Uganda. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 14.00: Utviklingsminister Ulstein held innlegg på årsseminaret til Oslosenteret. Stad: Litteraturhuset, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 16.15: Utviklingsminister Ulstein møter fredsprisvinnar Dr. Mukwege og FNs spesialrepresentant mot seksuell vald i konflikt, Pramilla Patten. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Søndag 26. mai
Kl. 14.30: Utviklingsminister Ulstein deltek på eit seminar i regi av Kirkens Nødhjelp om «Valdtekt som våpen i krig og konflikt – kva kan vi gjere med årsakene og konsekvensane». Stad: Grand Hotel Terminus Hall, Bergen

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Marianne Hagen 

Måndag 20. mai
Kl. 09.00: Statssekretær Hagen held innlegg på eit seminar for nordisk-baltisk kontaktpunkt. Stad: Hotel Opera, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 11.00: Statssekretær Hagen har møte med Vasu Gounden, leiar for den afrikanske tankesmia Accord. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 22. mai
Kl. 10.00: Statssekretær Hagen har møte med Ahmed Shaheed, FNs spesialrapportør for tros- og livssynsfridom. Stad: UD, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 23. mai
Kl. 09.00: Statssekretær Hagen opnar sivilsamfunnsdelen av den internasjonale konferansen mot seksuell og kjønnsbasert vald (SGBV-konferansen). Sjå nettsida til konferansen for meir informasjon. Stad: Radisson Blu Plaza Hotel, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Fredag 24. mai
Kl. 10.00: Statssekretær Hagen har møte med George Tsereteli, president i parlamentarikarforsamlinga til Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE). Stad: UD, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 13.00: Statssekretær Hagen er vert for eit arrangement om humanitær innovasjon på den internasjonale konferansen mot seksuell og kjønnsbasert vald (SGBV-konferansen). Stad: Radisson Blu Plaza Hotel 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Jens Frølich Holte 

Måndag 20. – fredag 24. mai
Statssekretær Frølich Holte besøkjer Zambia og Mosambik. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Lusaka og Maputo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Aksel Jakobsen 

Tysdag 21. mai
Kl. 11.00: Statssekretær Jakobsen har møte med John Major, tidlegare britisk statsminister og ambassadør for organisasjonen Mercy Ships. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 19.00: Statssekretær Jakobsen deltek på middag i samband med opninga av kontoret til Mercy Ships i Noreg. Stad: Astrup Fearnley museet, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Onsdag 22. mai
Kl. 09.15: Statssekretær Jakobsen har møte med Mialy Rajoelina, Madagaskars førstedame. Rajoelina er i Norge i samband med den internasjonale konferansen mot seksuell og kjønnsbasert vald (SGBV-konferansen). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 12.30: Statssekretær Jakobsen har møte med Marta Mauràs, styreleiar i Unitaid - ei internasjonal stifting som arbeider for å skaffe og distribuere medisinar mot hiv/aids, malaria og tuberkulose. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 23. mai
Kl. 13.30: Statssekretær Jakobsen møter Åsa Regnér, nestleiar i UN Women. Regnér er i Noreg i samband med den internasjonale konferansen mot seksuell og kjønnsbasert vald (SGBV-konferansen). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Til toppen