Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 34

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 34, 2019.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Måndag 19. august
Kl. 18.00: Utanriksminister Eriksen Søreide er saman med utviklingsminister Ulstein vertskap for ei mottaking i samband med Utanriksdepartementet sitt stasjonssjefsmøte. Stad: Parkveien 45, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Tysdag 20. august
Kl. 17.00: Utanriksminister Eriksen Søreide deltek i valkampen. Stad: Lørenskog

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Marte Ziolkowski, 414 02 631 

Onsdag 21. august
Kl. 11.30: Utanriksminister Eriksen Søreide deltek i valkampen. Stad: Lier 

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Marte Ziolkowski, 414 02 631 

Torsdag 22. august
Kl. 13.15: Utanriksminister Eriksen Søreide møter Irans utanriksminister Javad Zarif. Stad: Parkveien 45, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 16.00: Utanriksminister Eriksen Søreide er vert ved ei mottaking for UD sine pensjonistar. Stad: Parkveien 45, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 23. august
Kl. 12.00: Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på eit lunsjmøte om multilateralisme og norsk FN-politikk med FN-ambassadørar som er på studietur i Noreg. Stad: Parkveien 45, Oslo

Pressekontakt: Marte Lerberg Kopstad, mobil 995 22 026

Kl. 15.00: Utanriksminister Eriksen Søreide held ei innleiing på Norsk Folkehjelp sitt landsmøte. Stad: Quality Airport Hotel, Gardermoen

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Laurdag 24. august
Utanriksminister Eriksen Søreide deltek i valkampen. Stad: Tromsø

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Marte Ziolkowski, 414 02 631 

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein 

Måndag 19. august
Kl. 18.00: Utviklingsminister Ulstein er saman med utanriksminister Eriksen Søreide vertskap for ei mottaking i samband med Utanriksdepartementet sitt stasjonssjefsmøte. Stad: Parkveien 45, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Onsdag 21. august
Utviklingsminister Ulstein reiser til Haugalandet for å besøkje Næringsforeningen Haugalandet, Equinor Kårstø prosessanlegg og Bokn kommune. Tema for reisa er bærekraft, gründerverksemd og bistand. Stad: Haugesund, Tysværvåg og Bokn

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02      

Torsdag 22. august
Kl. 10.30: Utviklingsminister Ulstein har møte med det norske solidaritetsnettverket for dalitane. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 11.30: Utviklingsminister Ulstein har ein telefonsamtale med den tyske utviklingsministeren Gerd Müller. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 12.00: Utviklingsminister Ulstein har ein telefonsamtale med den danske utviklingsministeren Rasmus Prehn. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Marianne Hagen

Tysdag 20. august
Kl. 19.00: Statssekretær Hagen held ei innleiing i samband med ein konferanse i regi av Norwegian Energy Partners (Norwep). Stad: Holmen fjordhotell

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 21. august
Kl. 17.00: Statssekretær Hagen deltek på Norwegian-African Business Association (Naba) si mottaking for Afrika-ambassadørar i samband med UD sitt stasjonssjefsmøte. Stad: Fornebu

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 18.00: Statssekretær Hagen deltek på ei mottaking i regi av Norsk-singaporsk handelskammer. Stad: Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Jens Frølich Holte

Fredag 23. - tysdag 27. august
Statssekretær Frølich Holte følgjer FN-ambassadørar som kommer på studietur til Noreg. Turen har program i Oslo, på Sommarøya og i Tromsø. Stad: Oslo, Sommarøya og Tromsø

Pressekontakt: Marte Lerberg Kopstad, mobil 995 22 026

Til toppen