Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 37

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksedpartementet i veke 37, 2019.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Måndag 9. september
Kl. 13.00: Utanriksminister Eriksen Søreide møter norske sivilsamfunnsorganisasjonar. Tema for møtet er FNs 74. generalforsamling (Unga 74). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Onsdag 11. - torsdag 12. september
Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på nordisk (N5) og nordisk-baltisk (NB8) utanriksministermøte. Stad: Reykjavik, Island

Pressekontakt: Per Bardalen Wiggen (med på reisa), e-post: per.wiggen@mfa.no, mobil: +47 915 58 486

Fredag 13. september
Kl. 08.30: Utanriksminister Eriksen Søreide held innlegg på sjefskurset til Forsvarets høgskule. Stad: Akershus festning, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein 

Måndag 9. september
Kl. 14.00: Utviklingsminister Ulstein møter ein delegasjon med ungdomspolitikarar frå Bosnia og Herzegovina. Delegasjonen er i Noreg mellom anna for å observere valet. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Audun Halvorsen 

Onsdag 11. september
Kl. 09.00: Statssekretær Halvorsen held innlegg for sjefskurset til Forsvarets høgskule medan dei er på besøk i Utanriksdepartementet. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00

Kl. 11.00: Statssekretær Halvorsen held ei orientering for Stortinget sin delegasjon til parlamentarikarforsamlinga til Europarådet (Pace). Stad: Stortinget, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00

Statssekretær Marianne Hagen 

Tysdag 10. – torsdag 12. september
Statssekretær Hagen reiser til Angola for møte og årlege konsultasjonar om menneskerettar med angolanske styresmakter. Stad: Luanda, Angola

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Jens Frølich Holte 

Torsdag 12. september
Kl. 10.30: Statssekretær Frølich Holte deltek ved lanseringa av ein rapport frå Norec (Norsk senter for utvekslingssamarbeid) og markering av FN-dagen for sør-sør-samarbeid. Stad: Bergen 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Aksel Jakobsen 

Torsdag 12. september
Kl. 08.00: Stassekretær Jakobsen deltek på eit seminar om polio og global helse i regi av mellom anna tankesmia Agenda. Stad: Litteraturhuset, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 10.00: Statssekretær Jakobsen møter Michel Yao frå Verdas helseorganisasjon (WHO). Tema for møtet er Noreg sitt samarbeid med WHO mot sjukdommen ebola. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 12.30: Statssekretær Jakobsen signerer ein ny avtale med Verdsbanken om skatterelatert bistand. Avtalen vert signert i samband med det årlege møtet i det globale skatteprogrammet til Verdsbanken (The Global Tax Program Trust Fund, GTP) som Noreg er vertskap for. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02