Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 49

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 49, 2019.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Tysdag 3. - onsdag 4. desember
Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på Natos leiarmøte. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: London, England 

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Trude Måseide (med på reisa), e-post: [email protected], mobil: +47 95 72 65 10

Torsdag 5. desember
Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på utanriksministermøte i Organisasjonen for sikkerhet og samarbeid i Europa (OSSE). Stad: Bratislava, Slovakia

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Trude Måseide (med på reisa), e-post: [email protected], mobil: +47 95 72 65 10

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein 

Måndag 2. desember
Kl. 10.00: Utviklingsminister Ulstein møter Verdas naturfond (WWF). Tema for møtet er fattigdom og klimatilpassing. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 52 

Kl. 11.15: Utviklingsminister Ulstein møter Gunnar Stålsett. Stad: UD, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 52 

Tysdag 3. desember
Kl. 09.00: Utviklingsminister Ulstein deltek på konferansen “Leaving No one behind – Including people with intellectual disabilities in crisis and conflicts – the forgotten people.” Konferansen vert arrangert av Atlas-alliansen, Norsk forbund for utviklingshemma og Redd Barna. Stad: Oslo Kongressenter 

Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Torsdag 4. desember
Kl. 14.00: Utviklingsminister Ulstein deltek på 20-årsmarkeringa for Transparency International Noreg. Stad: Universitetet i Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Audun Halvorsen 

Tysdag 3. desember
Statssekretær Halvorsen deltek på eit Barents-seminar i Stockholm. Seminaret vil mellom anna handle om samarbeid mellom ungdom i Barentsregionen. Stad: Stockholm, Sverige 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Onsdag 4. – torsdag 5. desember
Statssekretær Halvorsen reiser til Ukraina for møte med lokale styremakter. Stad: Kyiv, Ukraina 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Marianne Hagen 

Måndag 2. – torsdag 5. desember
Statssekretær Hagen reiser til Myanmar, Thailand og Brunei for møte med lokale styremakter. Stad: Nay Pyi Taw (Myanmar), Bangkok og Bandar Seri Begawan (Brunei)

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 6. desember
Kl. 13.00: Statssekretær Hagen møter Fayyaz Ismail, økonomiminister frå Maldivene. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Jens Frølich Holte 

Torsdag 5. og fredag 6. desember
Statssekretær Frølich Holte deltek på høgnivåmøte i FN om kystlause utviklingsland (Landlocked Developing Countries, LLDC). Stad: New York, USA

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Aksel Jakobsen 

Måndag 2. desember
Kl. 13.00: Statssekretær Jakobsen deltek på møte i regjeringa sitt forum for samstemt utviklingspolitikk. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Til toppen