Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 5

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 5, 2020.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no

Utanriksminister Eriksen Søreide

Måndag 27. januar
Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på Arctic Frontiers. Sjå eigen presseinformasjon. Sjå også nettstaden til konferansen. Stad: Tromsø 

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Ingrid Kvammen Ekker (med på reisa), mobil: 99 02 49 84, e-post: [email protected] 

Tysdag 28. januar
Kl. 08.00: Utanriksminister Eriksen Søreide møter president Khaltmaagiin Battulga frå Mongolia. Stad: Grand Hotel, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 10.00: Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på eit redaksjonsmøte i avisa Dagens Næringsliv. Stad: Dagens Næringsliv, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Onsdag 29. januar
Utanriksminister Eriksen Søreide reiser til Kroatia for møte med lokale styresmakter. Kroatia tok over formannskapet til EU 1. januar 2020. Stad: Zagreb, Kroatia 

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Trude Måseide (med på reisa), mobil: 95 72 65 10, e-post: [email protected]

Fredag 31. januar
Kl. 08.15: Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på eit ope møte om menneskerettar og FNs tryggingsråd som UD har skipa til saman med tankesmia Agenda. Stad: Kulturhuset, Oslo 

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Marte Lerberg Kopstad, mobil: 99 52 20 26

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein 

Måndag 27. januar
Kl. 12.00: Utviklingsminister Ulstein møter Richard Hatchett, leiar for koalisjonen for førebygging av epidemiar og pandemiar (Cepi). Dei vil mellom anna diskutere det nye coronaviruset. Stad: UD, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 52

Tysdag 28. januar
Kl. 10.30: Utviklingsminister Ulstein har intervjuavtale med Bistandsaktuelt. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Underdirektør Ane Haavardsdatter Lunde, mobil: 97 67 12 50 

Torsdag 30. januar
Kl. 09.15: Utviklingsminister Ulstein deltek på årsmøtet i stiftinga Atlas-alliansen. Alliansen arbeider for global bistand til funksjonshemma. Stad: Oslo Plaza, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 10.30: Utviklingsminister Ulstein møter Punda AS. Verksemda vil presentere eit alternativt reiskap til traktoren i utviklingsland. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 11.00: Utviklingsminister Ulstein møter Joel Havfenstein, direktør i misjonærorganisasjonen United Mission to Nepal (UMN). Stad: UD, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 31. januar
Kl. 13.00: Utviklingsminister Ulstein møter Rahul Malhorta frå OECD som vil presentere rapporten «Development Co-operation Report 2019». Stad: Radisson Blu Plaza Hotel, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Audun Halvorsen 

Måndag 27. januar
Statssekretær Halvorsen deltek på Arctic Frontiers. Meir informasjon på nettstaden til konferansen. Stad: Tromsø 

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Ingrid Kvammen Ekker (med på reisa), mobil: 99 02 49 84, e-post: [email protected]  

Tysdag 28. januar
Kl. 11.00: Statssekretær Halvorsen kar konsultasjonar med Kviterussland og møter viseutanriksminister Oleg Kravchenko. Stad: UD, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Torsdag 30. januar
Kl. 10.00: Statssekretær Halvorsen held opningsinnlegg på UD sitt årlege eksportkontrollseminar for industrien. Stad: Ingeniøranes Hus, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Marianne Hagen 

Måndag 27. januar
Kl. 11.30: Statssekretær Hagen er vert for eit møte med president Khaltmaagiin Battulga frå Mongolia. Stad: Oslo rådhus

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Jens Frølich Holte 

Måndag 27. januar 
Statssekretær Frølich Holte deltek på Arctic Frontiers. Meir informasjon på nettstaden til konferansen. Stad: Tromsø

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Ingrid Kvammen Ekker (med på reisa), mobil: 99 02 49 84, e-post: [email protected]  

Fredag  31. januar 
Kl. 11.30: Statssekretær Frølich Holte deltek på eit møte om verdien av økt respekt for menneskerettar i private og offentlege investeringar. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 13.00: Statssekretær Frølich Holte møter Bruno Ugarte, nestleiar i Human Rights Watch. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Aksel Jakobsen 

Måndag 27. januar
Kl. 10.30: Statssekretær Jakobsen møter Clare Short, styreleiar i Cities Alliance (CA), eit internasjonalt nettverk for urbane utfordringar. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 31. januar
Kl. 13.00: Statssekretær Jakobsen møter Sir Danny Alexander visepresident i Den asiatiske investeringsbanken for infrastruktur (AIIB). Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

 

Til toppen