Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 9

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 9, 2020.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Måndag 24. februar
Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på hovudsesjonen i FNs menneskerettsråd. Eigen presseinformasjon følgjer. Stad: Genève, Sveits 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Tysdag 25. februar
Kl. 12.00: Utanriksminister Eriksen Søreide er i Stortinget for handsaminga av Meld. St. 27 (2018-2019) om Noregs rolle og interesser i multilateralt samarbeid og for ein interpellasjon om konsulær bistand til barn og unge. Stad: Stortinget, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Onsdag 26. februar
Kl. 11.00: Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på ordinær spørjetime i Stortinget. Stad: Stortinget, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Torsdag 27. februar
Kl. 18.00: Utanriksminister Eriksen Søreide har møte med europaminister Hans Dahlgren frå Sverige. Stad: Parkveien 45, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Fredag 28. februar
Kl. 12.45: Utanriksminister Eriksen Søreide deltek på eit redaksjonsmøte med NRK. Stad: Grefsenkollen, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 15.00: Utanriksminister Eriksen Søreide held innlegg på Høgre sin leiarskule. Stad: Kringler gjestegard, Nannestad 

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Marte Ziolkowski, mobil: 41 40 26 31 

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein 

Måndag 24. februar
Kl. 08.15: Utviklingsminister Ulstein er til stades under lanseringa av rapporten «Moderne slaveri - bruker vi riktig begrep?». Ulstein deltek i ein panelsamtale med representantar frå dei politiske ungdomspartia og organisasjonar frå sivilsamfunnet. Stad: Melahuset, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 12.00: Utviklingsminister Ulstein deltek på opninga av gatehospitalet til Frelsesarmeen i Bergen. Stad: Bergen 

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Sondre Olsen, mobil: 92 60 51 63

Kl. 19.00: Utviklingsminister Ulstein deltek på ein offisielle middag i samband med gjestinga til president Nana Akufo-Addo frå Ghana. Stad: Parkveien 45, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Tysdag 25. februar
Kl. 08.30: Utviklingsminister Ulstein deltek på seminaret «Grøn framtid for utviklingspolitikken». Seminaret vert skipa til av Kyrkjas Naudhjelp saman med Norcap/Flyktninghjelpa, Nasjonal næringsklynge for solenergi og miljøstiftinga Zero. Stad: Kulturhuset, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 10.00: Utviklingsminister Ulstein møter Winnie Byanyima, ny leiar for FN sitt aids-program, Unaids. Stad: UD, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Kl. 15.15: Utviklingsminister Ulstein gjestar Plan International Norge. Tema for møtet er korleis sivilsamfunnet kan bidra til å realisere regjeringas ambisjon for å motarbeida tvangs- og barneekteskap og andre skadelege skikkar. Stad: Plan International Norge, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Onsdag 26. februar
Kl. 10.30: Utviklingsminister Ulstein møter Ben Cooley, administrerande direktør i stiftinga «Hope for Justice». Tema for møtet er moderne slaveri. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 27. februar
Utviklingsminister Ulstein deltek på styremøte i Global Centre for Adaptation (GCA) i Paris. Stad: Paris, Frankrike

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Laurdag 29. februar – søndag 1. mars
Utviklingsminister Ulstein reiser til India. Ulstein skal møte mellom anna lokale styremakter og vitje ulike norskstøtta prosjekt. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Mumbai og New Delhi, India

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Wera Helstrøm (med på reisa), mobil: 99 40 93 23, e-post: wera.helstrøm@mfa.no

Statssekretær Audun Halvorsen 

Måndag 24. – tysdag 25. februar
Statssekretær Halvorsen er i Berlin for å delta på ministermøte i Stockholm-gruppa. Stad: Berlin, Tyskland 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Torsdag 27. – fredag 28. februar
Statssekretær Halvorsen er i Kirkenes for å delta på regionalt nordområdeforum. Stad: Kirkenes 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Marianne Hagen 

Måndag 24.- fredag 28. februar
Statssekretær Hagen er på reise i Kambodsja og Malaysia. Hagen skal mellom anna ha møte med lokale styresmakter, representantar for sivilt samfunn og norske aktørar i næringslivet. Stad: Phnom Pehn og Kuala Lumpur

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Jens Frølich Holte 

Tysdag 25. februar
Kl. 08.30: Statssekretær Frølich Holte deltek i ein panelsamtale om utanrikspolitisk engasjement i regi av «Utsyn – forum for utanriks og sikkerheit». Stad: Polyteknisk foreining, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Statssekretær Aksel Jakobsen 

Tysdag 25. februar
Kl. 14.00: Statssekretær Jakobsen held innlegg på det nordiske møtet med FN sitt aids-program, Unaids. Stad: UD, Oslo 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02