Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 41

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 41, 2020.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Måndag 5. oktober
Kl. 13.00: Utanriksminister Eriksen Søreide er til stades i Stortinget i samband med trontaledebatten. Stad: Stortinget

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 18.00: Utanriksminister Eriksen Søreide held foredrag i Oslo Militære Samfund. Stad: Oslo Militære Samfund

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 7. oktober
Kl. 13.00: Utanriksminister Eriksen Søreide held innlegg på Oslo Pax, ein konferanse skipa til av Oslo Fredssenter. Stad: Nobels fredssenter

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 8. oktober
Kl. 09.00: Utanriksminister Eriksen Søreide held innlegg på «Nordic-African Business Webcast 2020» skipa til av Norwegian-African Business Association (Naba).

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein

Torsdag 8. oktober
Kl 12.00: Utviklingsminister Ulstein har telefonmøte med Sissel Rogne, direktør for Havforskingsinstituttet i høve instituttet sitt 120-årsjubileum.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Kl 14.00: Utviklingsminister Ulstein deltek i «Bøssestafetten» i samband med årets tv-aksjon. Stad: Fredrikstad 

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Statssekretær Audun Halvorsen 

Torsdag 8. oktober
Kl. 14.00: Statssekretær  Halvorsen held innleiing på eit seminar om samarbeidet mellom Noreg og Storbritannia. Stad: Noregs utanrikspolitiske institutt (Nupi), Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Marianne Hagen 

Måndag 5. oktober
Kl. 14.00: Statssekretær Hagen held innlegg på eit digitalt arrangement om kvinner, fred og tryggleik og deltek i ein samtale om barrierar for kvinners deltaking som meklarar og fredsbyggjarar i fredsprosessar . Arrangementet er i samband med at FNs tryggingsråd sin resolusjon 1325 er 20 år. 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 6. oktober 
Kl. 09.45: Statssekretær Hagen held innlegg (digitalt) på FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) Executive Committee sin 71. sesjon.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Aksel Jakobsen 

Torsdag 8. oktober
Kl 11.45: Statssekretær Jakobsen har telefonmøte med Skottlands minister for Europa- og utviklingssaker.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl 15.00: Statssekretær Jakobsen deltek på eit webinar i regi av Noregs utanrikspolitiske institutt (Nupi), European Council on Foreign Relations (ECFR), den sør-afrikanske NGOen African Center for Constructive Resolution of Conflict (Accord). Tema er covid-19 og gjeldssituasjonen i Afrika.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 9. oktober
kl 15.00: Statssekretær Jakobsen deltek på eit digitalt rundebord i regi av Global Citizen og Det internasjonale fondet for landbruksutvikling (Ifad). Noreg er vert saman med Sverige. Tema er å kjempe mot svolt.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02