Historisk arkiv

Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 8

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 8, 2021.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Tysdag 23. februar
Kl. 15.15: Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek (digitalt) på eit møte i Gjevarlandsgruppa for palestinarane (AHLC). Norge har formannskapet i gruppa. Det vert eit pressemøte (også digitalt) etter møtet. Sjå eigen presseinformasjon.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Trude Måseide (mobil +47 95 72 65 10, trude.maseide@mfa.no

Onsdag 24. februar
Kl. 14.30: Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek og held eit innlegg (digitalt) om Access to Covid-19 Tools Accelerator (ACT-A) på eit møte i Alliance for Multilateralism.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02 

Fredag 26. februar
Kl. 11.30: Utanriksminister Ine Eriksen Søreide har ein telefonsamtale med Maldivene sin utanriksminister Abdulla Shahid.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein

Måndag 22. februar
Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein held eit videoinnlegg på Afrika sitt regionale møte for dei minst utvikla landa (Mul).

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Fredag 26. februar
Kl. 16.50: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein held innlegg på det digitale årsmøtet til det globale nettverket for menneske med nedsett funksjonsevne. 

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Tuva Bogsnes, 93 23 18 83

Statssekretær Jens Frølich Holte 

Måndag 22. februar
Kl. 13.00: Statssekretær Jens Frølich Holte deltek (digitalt) på eit viseministermøte i Ottawa-gruppa. Gruppa arbeider for ein reform av Verdas handelsorganisasjon (WTO). 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02