Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program i veke 31

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 31, 2021.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Måndag 2. august
Kl. 10.00: Utanriksminister Ine Eriksen Søreide møter den jordanske utanriks- og vistestatsministeren Ayman Safadi. Sjå eigen presseinformasjon. Stad: Parkveien 45, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 3. august
Kl. 10.00: Utanriksminister Ine Eriksen Søreide møter FNs spesialutsending for Colombia, Carlos Ruiz Massieu. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 5. - fredag 6. august
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek i valkampen på Vestlandet.

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Marte Ziolkowski, 41 40 26 31

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein

Tysdag 3. august
Kl. 11.00: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein deltek på arrangementet «Vaksinar, ulikskap og makt» under Olavsfest, skipa til av Kyrkjas Naudhjelp. Stad: Trondheim

Pressekontakt: Tuva Bogsnes 93 23 18 83

Torsdag 5. august
Kl. 15.00: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein har eit digitalt møte med FNs ungdomsutsending Jayathma Wickramanayake.

Pressekontakt: Tuva Bogsnes 93 23 18 83