Presseinformasjon

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 34

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 34, 2021.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringen.no. 

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide

Måndag 23. august
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek i valkampen for Høgre i Oslo.

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Marte Ziolkowski, 41 40 26 31

Kl. 10.00: Utanriksminister Ine Eriksen Søreide har politiske konsultasjonar med Sør-Afrika (digitalt).

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Tysdag 24. august
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek i valkampen for Høgre i Buskerud.

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Marte Ziolkowski, 41 40 26 31

Kl. 15.30: Utanriksminister Ine Eriksen Søreide møter Drammen næringsråd. Stad: Drammen

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Onsdag 25. og torsdag 26. august
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek på regjeringas budsjettkonferanse.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 27. august
Kl. 10.00: Utanriksminister Ine Eriksen Søreide er til stades på avdukinga av eit nasjonalt veteranmonument. Stad: Akershus festning

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Laurdag 28. august
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide deltek i valkampen for Høgre i Oslo.

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Marte Ziolkowski, 41 40 26 31

Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein

Laurdag 21. -  tysdag 24. august
Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein er på reise i Sudan der han mellom anna skal ha møte på politisk nivå, møte akademikarar og menneskerettsaktivistar og besøkje bistandsprosjekt. Sjå eigen presseinformasjon

Pressekontakt: Tuva Raanes Bogsnes, +47 93 23 18 83

Fredag 27. august
Kl. 17.00: Utviklingsminister Dag-Inge Ulstein deltek i partileiardebatt i Nygårdsparken i regi av Studentersamfunnet i Bergen. Stad: Bergen

Pressekontakt: Politisk rådgjevar Sondre Olsen, 92 60 51 63

Statssekretær Audun Halvorsen

Måndag 23. - torsdag 26. august
Statssekretær Audun Halvorsen deltek på Crimean Summit - eit toppmøte om Russlands anneksjon av Krim-halvøya. Statssekretæren deltek også på ei markering av Ukrainas fridomsdag 24. august. Stad: Kyiv

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Statssekretær Jens Frølich Holte

Onsdag 25. august
Kl. 11.00: Statssekretær Jens Frølich Holte møter Olivier Poivre d'Arvor, fransk ambassadør med ansvar for maritime spørsmål. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Kl. 14.00: Statssekretær Jens Frølich Holte deltek på opning av fotoutstillinga "Where there is war, there is still life". Stad: OsloMet, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Torsdag 26. august
Kl. 13.00: Statssekretær Jens Frølich Holte deltek på eit rundebord om havdatadeling. Stad: Aker, Lysaker

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02

Fredag 27. august
Kl. 10.00: Statssekretær Jens Frølich Holte møter verksemda Freyr Battery. Stad: UD, Oslo

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02