Historisk arkiv

Presseinformasjon

Berger Røsland til Warszawa 20. desember

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

EØS- og EU-minister Marit Berger Røsland vitjar hovudstaden i Polen onsdag 20. desember. Hovudformålet med reisa er å underteikne dei nye avtalane om EØS-middel til Polen.

Polen vil i perioden 2014-2021 ta imot 809,3 millionar euro og vil med det framleis vere det største mottakarlandet av EØS-middel.

- Eg er glad for at vi no kan underteikne dei nye avtalane med Polen om EØS-middel. Forhandlingane var krevjande, men konstruktive. No skal vi byggje vidare på det gode samarbeidet vi har hatt gjennom EØS-midla sidan 2004. Mange norske fagetatar vil delta som partnarar for å sikre eit samarbeid til beste for båe land, seier EØS- og EU-minister Berger Røsland.

Viktige samarbeidsområde i dei nye avtalane er næringsutvikling, forsking og innovasjon, klima-, energi- og miljøtiltak, samt justissektoren.

- Vi er også spesielt nøgde med at vi vart einige med Polen om at støtta til sivilt samfunn framleis skal vere uavhengig av styresmaktene, seier Berger Røsland.

Under besøket skal statsråden også vitje prosjekt i Warszawa som er støtta av EØS-middel. I tillegg skal ho ha bilaterale politiske samtalar.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Siri R. Svendsen, +47 976 87 801.