Presseinformasjon

Statssekretær Røsland til Washington, D.C.

Statssekretær Marit Berger Røsland vitjar Washington, D.C. 13.-15. september 2017. Hovudformålet med reisa er å delta på ministermøtet i Community of Democracies. Møtet vert leia av den amerikanske utanriksministeren, Rex Tillerson.

Noreg skal dei neste to åra vere med i komiteen som leiar organisasjonen. - Styresmakter, sivilt samfunn og private aktørar kan oppnå meir når dei jobbar saman for å trygge demokratiske normer og institusjonar, seier statssekretær Røsland.

Community of Democracies er ei samanslutning av statar som arbeider for å styrke dei demokratiske verdiane i landa som er med, i tråd med dei såkalla Warszawa-prinsippa. Statssekretæren vil også nytte høvet til å treffe den nye generalsekretæren i organisasjonen, Thomas Garrett.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.