Inga utbygging av Breim kraftverk i Gloppen kommune

Olje- og energidepartementet har i dag avslått søknaden frå Breim Kraft AS om å bygge ut Breim kraftverk i Breimselva i Gloppen.

Regjeringa ønskjer at vi skal utnytte våre fornybare energiressursar. Samtidig må vi ta vare på verdifullt biologisk mangfald. I denne saka har vi avgjort at omsynet til det siste må vege tyngst, seier olje- og energiminister Terje Søviknes.

Det er lagt vekt på at Breimselva utgjer eit økologisk funksjonsområde for delar av storaurestammen i Breimsvatnet, og at ei utbygging av Breim kraftverk vil kunne påverke stammen negativt. Breimsvatnet er ein av 55 storaurelokalitetar i Norge, og ein av fem lokalitetar i Sogn og Fjordane. I den samanheng har departementet tatt omsyn til at ei utbygging av Breimselva vil svekke vasskvaliteten i Breimselva ytterlegare og at ferskvassbiologien vil bli negativt råka. Det er også lagt vekt på at utbygginga vil vere negativ for landskapet i området, og ha ulemper for friluftsliv og reiseliv.

Departementet har som NVE kome til at ulempene ved utbygginga er større enn fordelane ved 87,6 gigawattimar (GWh) årlig uregulerbar kraftproduksjon.

Les vedtaket her.

 

Til toppen